Framtida
Publisert
Oppdatert 13.11.2017 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I alle år har vi fått høre kor sterkt det norske monarkiet står. Kongens posisjon har vore urokkelig. Trona har i praksis vore politisk tabu.

Både 1905 og 1940 samla oss mannssterke rundt kongehuset. Kongefamilien har i alle år vore som oss, bare litt betre, derfor har vi sett opp til dei og elska dei.

Så raknar det altså, bare fordi kronprisen og prinsessa finn seg kjærastar som ikkje kjem frå Bærum. Kjærastar som har levd, kjærastar som ikkje er heilt A4, kjærastar som ikkje har gjort alt etter boka.

Kommentatorar og synsarar er raskt på banen. Respekta for monarkiet svekkast fordi skiljet mellom vanlige folk og kongefamilien viskast ut. Posisjonen er forrykka fordi monarkiet er blitt alminneliggjort.

– Et monarki trenger litt distanse, litt magi, litt følelsesmessig appell, skriv Dagbladet på kommentarplass.

No veit alle med eit par kilometer livserfaring at det finst ingen overmenneske, ingen supermenn med blått blod, ingen batmenn med topptrimma batmobil.

Det finst sjølvsagt skurkar og heltar, villmenn og godhjarta, idiotar og idealistar. Men dei fleste går langs vegen som vanlige menneske, dei er seg sjølve med ulikt krimskrams innanbords.

Monarkiet er ein konstruksjon, ei løgn, ein bløff. Monarkiet er ein for lengst ròtna tanke fundert på ideen om det overlegne mennesket. Nokon er der oppe, nokon står der oppe på balkongen, nokon må kallast for De.

Og dei som framleis vil dytte anakronismen på oss, vil at vi skal svelgje denne drømmeverda. Dei klamrar seg til trona, dei vil halde på alt som har vore, dei vil verne om alt som ikkje må skyllast bort av den moderne tida.

Dei forsøker å gjøre debatten til noko anna, men det er politikk, sjølvsagt. Bakom syng Inge Lønning, nasjonalstaten og verdikommisjonen.

For kva gjør eigentlig denne familien som er full av privilegier bare fordi dei manglar etternamn?

Jo, dei klippar over snorer, klappar vanskeligstilte på hovudet, opnar ei og anna dør for norske kremmarar i utlandet, dansar polonese, siglar i rom sjø, vinkar frå balkongar og nektar å uttale seg til Se&Hør.

Dette er vel oppgåver som strengt tatt kven som helst kunne utføre med eit visst hell. Ein skal ikkje undervurdere vanskegraden når det gjeld å klappe folk på hovudet. Eller avvise at det kan vere trøttande å stå på slottsbalkongen timevis ein maidag dersom ein slit med både pollenallergi og røyesug…

Men treng ein oppvekst på beste vest eller krigsskulen for å meistre denne slags oppgåver?

Monarkiet har mista si meining i år 2001. Det er ein jurassicpark-liknande institusjon som fungerer mest som permanent mjølkeku for massemedia, motebransjen og meiningsmålarar.

Tilbake står kongehusets symbolverdi, og eit symbol kan sjølvsagt ikkje vere heilt sosialdemokratisk. Derfor ser vi no denne nostalgiske dekkoperasjonen og forsøket på å proppe nye verdiar inn i det gamle symbolet.

Eg trur likevel at monarkiet er ferdig. Monarkiet er menneskefiendtlig. Ikkje bare gjennom favoriseringa av ein bestemt kjernefamilie på Austlandet.

Monarkiet gjør også at unge menneske må finne seg i å få liva sine saumfart av etisk frynsete journalistar og fotografar.

Ei ung kvinne må verne om si fortid, utslette sine barndomsbilde og sine mest hudlause augneblink. Ein forfattar frå Moss må stå offentlig til rette for kva han gjorde på heisatur til Las Vegas.

Og tru meg, dette er bare byrjinga. Når ulvane luktar lammesteik, er dei ikkje til å stanse. Det kjem til å bli mykje, mykje verre.

Det heile vil trulig ende i eit pinlig klimaks som får dei mest omdiskuterte episodane i Big Brother til å verke uskuldsreine.

Paradoksalt nok har forfattaren frå Moss tilført kongehuset ein sårt tiltrengt skvett blått blod. Han er ein mann som veit korleis ein skal kle seg og korleis ein skal føre seg. Han er sannsynligvis den første i dei krinsar som kan både lese og skrive.

Men i Norge blir den dekadente mossekråka for kontroversiell. I Norge skal kongefamilien ta trikken, overnatte på turisthytte og gå i gamle boblejakker frå syttitalet. Og den einaste snøen dei rojale skal ta i bruk, er snøen i Nordmarka ein februardag, ikkje den kjemiske snøen på eit overfylt nachspiel i Nevada.

Ja, sjølv ei åleinemor frå det blide Sørlandet er for kontroversiell. No diskuterer dei om Mette-Marit er eit brukande dronningnamn. Folket har visstnok talt i VG: – Bytt navn, Mette-Marit! står det på forsida i påska.

Og ekspertane er på linje med folket. – Mette-Marit er litt barnslig, litt Ole-Johnny, liksom, seier dronning-eksperten Nils Petter Thuesen.

Nils Petter er for øvrig sikkert eit heilt ålreit namn, så lenge mannen ikkje er å finne i dei inste rojalistiske miljøa. For der held det altså ikkje å vere ein av folket, der held det ikkje å vere vanlig, der held det ikkje å ha feila som eit dødelig menneske.

Det norske monarkiet må altså stå slalåm mellom distanse og nærleik, magi og sosialdemokrati, i seg sjølv ei stadfesting av at institusjonen er utgått på dato.

– Jeg tror Mette-Marit får mer goodwill fra enkelte kretser om hun skifter navn, seier den same Nils Petter.

No handlar det altså mest om goodwill. Frå dei rette krinsane. Og meir goodwill må til for at systemet ikkje skal bli fullstendig avslørt og kledd nakent.

Avisene fortel om korleis ho med det barnslige namnet gjennomgår ”et totalt sceneskifte fra å være alenemor med deltidsjobb til å bli landets nye kronprinsesse”.

Motejournalist Hilde Håve i Henne seier: – Jeg forventer frekkere kjoler i tiden fremover.

Sjølv forventar eg frekkare forslag frå alle dei som ikkje orkar meir av dette sludderet. Som til dømes konkrete forslag om å legge ned heile kongehuset og tilby Kong Harald jobben som ordførar i Bærum.

Det kunne ha vore ein passande retrettstilling for kongen med familie, ei gradvis nedtrapping under mottoet: ”Alt for Bærum”. Då kunne Kongen ha tatt seg eit slag golf, sett på tippekampen, drukke whisky og gått på action-filmar inne i Oslo.

Sonja kunne ha undervist i skikk og bruk på dei lokale Rotary-klubbane. Og dei to ungane kunne ha gjort akkurat som dei ville, reist rundt på rusa rockefestival og ridd på dvaske hestar.

Alt saman mens dei i familieråd funderte på kva slags etternamn dei no skulle ta seg.