Framtida
Publisert
Oppdatert 10.11.2017 12:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lars Sponheim kalla det for «harry-handel» i 2002 då han var landbruksminister, og politikarar og andre er uroa over handelslekkasje til utlandet. Men likevel! Andre smakar, andre namn! Shakespeare seier i Romeo og Julie at ei rose vil lukte like søtt med eit anna namn. Det fortel oss jo berre at han ikkje har vore norsk i ein svensk daglegvarebutikk og sagt «gräddfil» og «hallon» og «godis» inni seg, og merka at det høyrest mykje betre ut enn rømme, bringebær og snop.

Men nokon tenker på vestlendingane også: Bergens Tidende hadde eit oppslag ein 1. april for nokre år sidan om at NSB hadde sett opp eigne tog frå Bergen til Sverige, slik at vestlendingane også kunne få vera med på svenskehandelen. Eg hugsar at eg syntest ideen var overraskande god, heilt til eg fann ut kva for ein dato det var.

Det var dermed ikkje før eg flytta til Nord-Noreg at eg fekk førstehandskjennskap til grensehandel. Det har dei jo drive med her temmeleg lenge, til og med lenge før grensene var der. Arkeologar har nett avdekka eit svært funn på Tønsnes, litt utanfor Tromsø by. Hit reknar dei med at folk har kome frå det som i dag er Sverige, Russland og Finland for å møtast, handla og finna seg partnarar allereie for rundt 9000 år sidan. Ein slags kombinasjon av festival og grensehandel, med andre ord, verda har ikkje forandra seg så mykje.

Litt nærare i tid er det mest finskehandel det har gått i her i Troms. Over grensa til Kilpisjärvi kjem du raskt til ein butikk som har det meste ein harryhandlar kan ønska seg. Folk fortel om då ein berre kunne ta med seg så-og-så mange kilo kjøt per person, det var vanleg å fylla bilen med naboungar, såkalla «kjøtungar», så ein fekk skikkeleg valuta for køyreturen over grensa. Sjølv har eg ikkje kjøpt så mykje kjøt i Finland etter at eg kom heim med ein stor pakke bacon som viste seg å vera norsk, då gjekk mykje av magien vekk. Men i utlandet sel dei jo så mykje spennande som me ikkje har heime, det er då mykje kjekkare å handla med seg enn kjøt som ein kan spara nokre kroner på.

Frå Finland må ein kjøpa med seg lakris, dei har eit utruleg stort utval av ulike variantar. Og rugbrød, sjølvsagt. Dessutan veit både finnane og svenskane å setta pris på det ein finn i naturen på ein heilt annan måte enn me norske. Bær i alle variantar og av alle typar, supper og syltetøy! Berg med lysande gule kantarellar og andre soppar, ferske og tørka! Me er nok litt bortskjemde i Noreg, me som har hatt kysten vår som eit stort matfat rett utanfor døra, det har ikkje vore så viktig for oss å leita etter føde andre stader, eller eta mat som krev mykje forarbeid. («Ein nydeleg matsopp», sa ein finne til meg. «Det er berre å koka han opp tre gonger og byta vatn mellom kvar gong, så er han klar til steiking!»)

Og dersom ein vågar seg litt lenger inn (eller ut?) i utlandet enn til næraste grensebutikk, kan ein både i Sverige og Finland finna fantastiske matmarknader i såkalla saluhallar. Her ser ein at det ikkje er naudsynt å bu i Sør-Europa for å kunna fråtsa i delikatesser frå fjern og ikkje minst nær. Koss får dei det til? Og ikkje minst: Korfor får ikkje me det til? Eg kjenner eg blir svolten. Kanskje tytebærsyltetøyet smakar endå betre om eg kallar det for lingonsylt?