Jon Olav med ny låt – klar for å bli Noregs nye superstjerne
Med låta «Talentfabrikk» rettar han fingeren mot Idol.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Møre-Nytt.
Ørstingen Jon Olav Sandal er ute med ny låt, og seier han er klar for å bli Noregs nye superstjerne. Men aller først skal han berre vise fram langfingeren sin bitte, bitte litt til.
Med låta «Talentfabrikk» rettar han fingeren sin denne gongen mot Idol, plateselskap som utnyttar og andre som måtte føle seg trufne.
Fortsatt er han like ung og dum. Med den nye låta si viser han for alvor ein punkete attitude og beviser samtidig at han ikkje er noko one-hit-wonder. Ein slags Sondre Justad som flørtar med Honningbarna?
- Fekk du med deg den førre Jon Olav-videoen? «Hei Erna! Vi voldteke jorda»
Heitt namn
Den siste tida har Jon Olav vore eit heitt namn i norsk media og over 350,000 menneske har fått med seg debuten, «Hei Erna».
Til og med P3 fekk augene opp for sunnmøringen og kåra han til «Ukas urørt» eit par veker etter videoen kom ut.
I tillegg blei han raskt booka til bransjefestivalen Trondheim Calling og namnet hans er venta å dukke opp mange stadar i tida framover.
Etter den suksessfulle debuten har han også fått ei forestilling om at han er ein slags Messias i norsk musikk og skal no til å frelse Noreg med nok eit godt budskap. Endå fleire vil elske han og endå fleire vil garantert hate han.