Framtida
Publisert
Oppdatert 09.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg frys. Eg har på meg strømpebukse under buksa og er tulla inn i eit pledd, men likevel frys eg. Vinteren kom tidleg til Vestlandet i år. I ein månad nå har det vore fleire minusgrader. I november brukte vi i Rogaland meir straum enn nokon gong.

Avisene skriv om at vedseljarane snart er tomme for ved, og eg hiv inni eit par vedskier til. Ute er det kvitt, og inne er det raudt. Eg har vore i julestemning lenge nå.

Ei tid for ettertanke, det er det jula skal vere. Sakene i avisene blir mjukare, reklamepausene på tv blir djupare, postkassen blir stadig fullare og lommeboka tommare. Vi prøver å gjere jula til noko vakkert og inderlegsaus, men kva handlar det eigentleg om?

Spør du meg, så handlar jula om å bruke pengar. Kjøpefesten kunne høgtida heller vore kalla. Det begynner allereie før 1. desember, for då må pakkane til julekalenderen kjøpast inn. Ein heil haug med stort sett unødvendige ting som ein hårstrikk og ei hårklemme, ein leikebil og ein fargerik nøkkelring. Så skal alle i heile husstanden sjølvsagt ha nye klede til jul, det er jo festtid og vi liker å kle oss opp til fest.

Og så skal julegåvene handlast inn. Vi begynner med å skrive opp liste med kva vi skal kjøpe og sånn cirka kor mykje vi skal bruke på kvar gåve. Det budsjettet held aldri! Kvart år blir det overstige med fleire tusen kroner.

Det er ikkje slutt med det, for så skal julematen kjøpast inn, og då skal det i alle fall ikkje sparast på noko. Alle frukttypar du kjem over, kassevis med brus, pinnekjøt, ribbe, kalkun, raudkål, raudvin, raud saus, gløgg, akevitt, julesild i alle fargar og smakar, sjokolade forma som nissar og hjarte…

Nå høyrest det ut som om eg er ein person som er superkritisk til jula, vel, det er eg ikkje. Eg kjøper verken geiter eller grisar til venner og familie til jul, eg har ikkje gåver i pakkekalenderen som er heimestrikka eller særleg gjennomtenkte, eg lagar ikkje det meste av julematen sjølv saman med familien og eg sprenger alltid julegåvebudsjettet.

Eg har heile huset fullt av englar kjøpt med pengar som eg heller burde ha gitt til dei som verkeleg treng dei, eg elskar julebrus og julesild i alle slags fargar. Eg liker også mørk sjokolade forma som eit hjarte. Eg tenker sjeldan over julebodskapen, og er overfladisk som få.

Eg trøyster meg med at jula gir meg meir god tid saman med familie og venner. Eg bakar med dottera mi, eg tenner over 30 telys i stua mi på dei mørke kveldane, eg inviterer venner på juleverkstad og juleplateinnspeling.

For meg er jula først og framst tid. Tid til å velje å bare kose meg. Tid til å spise akkurat det eg vil, drikke cola på ein måndag og krype under pleddet på sofaen ein tysdag føremiddag utan å gjere det slag. Sånn som eg gler meg!