Haust. Lauvfallstid. Mørketid. Vintertid.

Framtida
Publisert
Oppdatert 07.11.2017 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi tenkjer på hausten på forskjellig vis. Somme tenkjer på fyr i peisen og stearinlys. Andre tenkjer på sopp.

Nokre tek til å glede seg til jul, nokre tek til å grue seg til jul, eller grue seg til stormar og regn som piskar mot vindauget. Eg for min del klarar ikkje tenkje på hausten som anna enn dette akkurat no: Slaktetid.

For dette er den tida på året då det er vondast å vere småbrukar. Dette er tida på året då det er vondast å vere dyrekjær småbrukar. Det er tid no, tid for å sende nokre av venane mine frå meg.

Dei skal sendast bort, køyrast i fleire timar i ein stor, kvit bil med rister og lufteluker langs veggane. Slaktebilen. Nokre av venane mine skal om bord. Og eg er den som må velje dei ut.

Det er verste biten, dette. Å sitte her og vente på slaktebilen. Sitte her og vente og grue seg. Får mest ikkje gjort noko, berre vente.

For han kjem i dag, på føremiddagen sa dei, ja, dei trudde det vart på føremiddagen. Det var det dei sa, då eg snakka med dei på slakteriet. Ho på telefonen var hyggjeleg og imøtekomande. Men kva hjelp vel det, kva skal ein seie til slikt? Kva skal ein avslutte samtala til slakteriet med?

”Velkomen”? Nei. Absolutt ikkje.
”Takk!” Nei. Ikkje det heller.

Får berre legge på røret. Og sitte att med ei ekkel kjensle i brystet, som om ein har svikta. Ein svikar. Det er det eg er.

Så kven skal ein velje bort?
Ei som er vorte for gamal, ei som er vorte for utspekulert og aldri held seg i gjerdet, ei som er for halt, ei som har hatt jurbetennelse.

Skavankar og laster har dei. Men alle har dei namn og kjem når eg kallar på dei, alle har eg fylgt og temt opp sidan dei var spretne små lam, ja, ei av dei var til og med flaskelammet mitt, som eg varma mjølk til fleire gongar for dag, og som fylgde meg kvar eg enn gjekk, langs elvar, til fjells.

Eg prøvar å tenkje på dette: at dei har hatt eit usedvanleg godt saueliv. Dei har hatt god plass, gode beiter, snille hender kring seg, dei har blitt kjæla med og heldt i fanget. Det hjelper litt å tenkje slik. Men berre litt.

For no står dei på den galne lista. Eller rettare: Dei kom ikkje på lista i år. Namna deira står ikkje på den lista eg skriv opp kvart år, ho som tyder overleving. Ho som tyder enno ein vinter, enno ein vår, enno ein sommar.

Eg kjenner meg litt som Oscar Schindler. Han som skreiv namn etter namn på arbeidarlista si, og dermed berga mange hundre jødar frå holocaust under andre verdskrigen. Gjort berømt gjennom filmen Schindlers liste, regissert av Steven Spielberg.

Framfor meg ligg Hildes liste.
Å, denne lista! For eg brukar den metoden: Eg vel å skrive opp dei som skal setjast på, som vi seier, dei som skal bli att. Vegrar meg mot å skrive namna på dei som skal til slakt.

Men det er vanskeleg nok, det: Å utelate.
Kven skal utelatast i år. Kven kjem ikkje med på lista, men skal med i den store, kvite, skremmande bilen i staden.

Når eg sit her ved bordet med permen full av sauelister og slektstavler framfor meg, når eg sit der og kjempar og tenkjer og gruar, med pennen i handa og andre handa mot panna, og ikkje veit mi arme råd, då plar mor mi å seie:

– Du må gjera deg hard i hjarta ditt, Hilde, og refererer til Bibelhistoria.
-Ja, pip eg, – eg prøvar.

Men eg er jo ingen Moses.  Ikkje er eg særleg religiøs ein gong, og evnar ikkje gjere hjartet hardt og sterkt korkje for Gud eller kven det måtte vere. Eg er berre ein småbrukar som er altfor glad i dyra sine.

Det er berre slik: Eg har eit mjukt, mørkeraudt hjarte. Som akkurat no, om hausten, kjennest større og mjukare enn nokon gong.

Mjukt.
Mjukt som ull.