Framtida
Publisert
Oppdatert 07.11.2017 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den første sommarnatta eg var i Tromsø sat eg på pub saman med ein kroat og ein ire, og klokka to på natta blei diskusjonen vår avbroten av at sola skein inn glasa og i fjesa våre. Andaktsfulle gjekk me ut, og vandra rundt i ei låg midnattssol i eit stille nattlandskap. Det kjendest trolsk og uverkeleg, og den kjensla kan eg enno få, når eg er ute i midnattssola på nattetider. Rett nok blir det straks meir kvardagsleg når eg ser folk som steller i hagen eller mekkar på bilen midt på natta, men det er no ein slags merkeleg magi i det også!
Lyset fører også med seg meir jordnære utfordringar: Koss får du sova når sola skin rett inn i senga di? ”Det er no bare å lukke øyan!”, var rådet eg fekk frå dei innfødde, men det viste seg å ikkje vera nok. No har eg svarte persienner og ei dobbel svart gardin, men framleis søv eg uroleg når sommarsola kikkar inn i tretida på natta. Heldigvis har eg enno ikkje blitt så desperat at eg tyr til remedium som dei eg ser rundt i studenthybelvindauge, der det er festa aluminiumsfolie over heile glaset og glaskarmen. Då treng ein i alle fall ikkje å setta opp skilt med ”Her bur ein søring” …
Nei, ein bør læra av naturen. For noko anna eg stussa over her nordpå, var fuglane. Kva tid søv fuglane når sola skin 24 timar i døgeret? Det var i alle fall sikkert at måkene var lys vakne når eg hadde tenkt å sova, det høyrde eg klart og tydeleg! Ikkje før eg no i vinter var på ei utstilling på Tromsø museum, fekk eg svaret på det. Utstillinga Netter av lys – dager av mørke tar for seg livet på Nordkalotten, og her er det mykje nyttig informasjon å henta. For kva gjer dyra og fuglane i arktiske strøk (og truleg antarktiske også) når årstidene og lyset endrar seg? Dei hiv rett og slett heile den biologiske døgnrytmen sin på båten, den vanlege som dei fleste av oss dyr har, med rundt 24 timars syklusar med skifte mellom dag og natt. Når mørket senkar seg om vinteren, og lyset kjem om sommaren, tilpassar dei soving og vaking etter veret, rett og slett! Er det fint ver som passar til å finna mat og få beita og kva ein no elles skal ha gjort, så er dei vakne så lenge det står på, og når den kalde vinden bles og sno eller regn gjer livet vanskelegare, tar dei seg ein liten dupp. Eller ein større dupp.
Eg må berre seia at dette høyrest ut som ein ypparleg livsstil! Å vaka når livet smiler og sola skin (eller månen, eller nordlyset), og sova når det ruskar ute, kven vil vel ikkje ha det slik? Eg ser nok likevel for meg at det kan bli vanskeleg å overbevisa arbeidsgivaren min om verdien i ein slik rytme, så det må vel bli i feriane eg kan få leva ut det arktiske dyret i meg. Og eg synest allereie eg kjenner meg som røya, som lever i ferskvatn under isen om vinteren, og som blir varsla av ein kjertel i hovudet når dei aller første lysstrålane frå våren kjem. Då byrjar ho å omforma kroppen sin til å vandra til saltvatn, der ho skal vera om sommaren. Mon tru om eg ikkje har ein slik kjertel ein stad, eg òg? Eg kjenner i alle fall at vårlyset går til hovudet på meg!