Framtida
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foto: StockxhangeDet er underleg kor mykje meir interessant det er å bla gjennom gamle permar enn å svinge vaskefilla over pakkeklare bokhyller.

Men ein kan finne mykje der, små skattar, store skattar, ord og tankar ein heilt hadde gløymt. Som ein tenkte og skreiv ein gong, men som sidan kanskje ikkje har streifa ein.

Ein av tekstane eg fann var slik:

“Vere ein mark, lage gangar under overflata, før eg gjer meg til det tynnaste eg kan og pressar meg gjennom asfalten, betongen, opp i dagen.

Verte plukka opp i hendene til nokon som kan kjenne dei små håra rispe i hudrillene. Dei eg grev i jorda med, dei eg grev i orda med, dei som er usynlege for auget.

Finne ord slik steinhoggaren meislar ut eit kvadratisk stykke stein: Han snur det, og finn ein spiralforma fossil på baksida.

Vere i ei lang, endrande rørsle :

Slik vengetrådane synest gjennom kokongskalet på det som skal verte ein sommarfugl, vil eg bere i meg moglegheita til å verte noko anna.”
Det var skrivinga mi eg hadde i tankane då eg skreiv denne vesle teksten. Resultatet av ei oppgåve vi fekk av læraren vår då eg gjekk på Skrivekunst-Akademiet i Bergen. Vi skulle skrive ein tekst om kva vi ville med skrivinga vår. Kva som var viktig for oss, kva som dreiv oss.
Eg ville formidle at det var viktig å vere open for endring i skrivinga. Å kunne snu om på det ein har, det råstoffet ein har her og no, og gjere det til noko betre, noko vakkert eller betydeleg. Aldri stagnere. Aldri tru at ein ikkje kjem seg nokon veg. Aldri ta til takke med noko ein veit ein kan kome vidare med.

Men når eg no finn teksten att, blant skulebøker, kladdeblokker og lausark, ser eg det annleis. Eg ser at denne vesle teksten har eit større perspektiv – som gjeld livet sjølv. For ingen annan stad er dette viktigare : Å ikkje gje opp. Ikkje gje seg.

Eg er ikkje så gamal, akkurat, men eg har allereie mista mange eg har vore useieleg glad i. Eg kjenner til bratte motbakkar, dystre tankar, sakn og minkande livslyst. Det er så fryktelig lett å bikke over til det enklaste alternativet : gje opp. La seg søkke ned i ein tilstand som er vanskeleg å kome ut av, som tappar deg for alle krefter, hyllar deg inn i vondt, ein kjem ingen veg.
I haustmørkret, når regnet silar ned og bløyter opp grunnen under oss, er det farleg å stå på same staden og stampe. Ein vil søkke litt for kvar dag, når ein trakkar grunnen under seg til gjørme.

Men kanskje må ein la seg søkke til botn før ein kan stige att? Fjellvande veit jo at ein må opp bratte lier før ein kan finne utsikt. I denne samanhengen : For å finne innsikt. Sjå innover i seg sjølv og oppdage kvar ein er. At slik er situasjonen no. Slik er det berre. Sjå, og finne perspektiv.

Personleg tidsperspektiv:

“Eg har ikkje alltid hatt det slik. Eg kjem truleg ikkje alltid til å ha det slik.”

Historisk perspektiv :

“Til alle tider har folk har klart seg gjennom det eg opplever no. Også i framtida vil mange, mange oppleve akkurat dette og klare seg.”

Sosialt perspektiv:

“Eg har mange som treng meg og er glade i meg. Dei vil halde fram med å trenge meg og å vere glade i meg.”

Personleg perspektiv:

“Eg har opplevd tunge tider før og klart meg. Det gjorde meg sterk. Eg vil klare meg denne gongen også.”

Verdsperspektiv :

“Folk svelt til dei døyr. Folk lever i konstant angst. Folk lid. Folk blir torturerte. Folk blir kidnappa. Det er så mange som har det verre enn meg.“

Og kanskje, kanskje klarer ein etter dette å tenkje tanken:  “Eg har det i grunnen ikkje så verst. Eg vil klare meg.”

Utsikt. Innsikt. – På sikt. Ein må nok ta eit steg om gongen. Eit tak i gongen. Og sakte klarer ein å vende det tunge. Trur eg. Slik steinhoggaren gjer i teksten eg skreiv, som eg no fann att. På baksida kan ein finne noko uventa, noko vakkert, eit lite funn som berre den som finn det veit kva er verdt. Som berre den som finn det veit kva som fanst på vegen dit. Det er eit hardt arbeid. Ein vanskeleg prosess. Men vi menneskja har noko vi skal vere takksame for : Vi har forstand. Vi kan oppfatte vår eigen situasjon, drage slutningar, setje liva våre i perspektiv. Vi må alltid vere klare over at vi ber i oss ei fantastisk evne til endring. Ho må vi bruke for alt det ho er verd.

– Men visst fan er det vanskelig.