Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 02.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det byrjar på globusen din, om du spinn han halvt ikring og kjem til Stillehavet. Der, ein stad mellom Påskeøya og Tahiti, ligg den britiske kronkolonien Pitcairn. Dette er inga ordinær sørhavsøy. Dei rivne klippane løyner hendingar dramatiske nok for tallause bøker og filmatiseringar. Orsak viss de kjenner henne frå før, men soga toler ein repetisjon: Utrulege Mytteriet på Bounty.

Sjølv las eg bokutgåva av amerikanske Nordhoff og Hall, eit praktverk frå 1933. Dei har teke seg nokre kunstnariske fridomar, men essensen er den korrekte. Seint i 1787 legg det britiske skipet Bounty ut England med kurs for Tahiti. Under leiing av kaptein William Bligh skal ei stor mengd brødfrukttre hentast til Vest-India og bli billeg fôr for slavar. Styrmann John Fryer vert degradert og erstatta av den eigentlege andrestyrmannen, lunefulle Fletcher Christian. Det er likevel mellom Bligh og Christian det avgjerande slaget skal stå.

I boka er hovudpersonen Roger Byam, ein fiktiv karakter lausleg bygd på kadetten Peter Heywood. Etter eit mislykka forsøk på å runde Sør-Amerika, set Bounty kursen gjennom India-havet, sør for Australia og New Zealand. I boka framstår Bligh alt no som den store syndaren, nådelaus i tukt og bortimot eksplosiv i huglynde. Det er fleire tilfelle av pisking, i filmen jamvel kjølhaling, og dei minimale matrasjonane kompenserer ikkje med smakskvalitet. Ein liten anekdote gjer det nesten komisk: Skipslækjaren får ei ny snusdåse i gåve av mannskapet. Han spør seg kva treslag det kan tenkjast vera. Teak? Mahogny? Nei, vert han informert, ho er laga av saltkjøtet dei et til middag. Ti månader seinare når soga eit lysare kapittel, då skipet kjem til Tahiti. Der trivst dei alle. Kvinnene er høgst omgjengelege, strendene klåre og kosten noko betre. Men etter kvart er ærendet utførd, og heimferda kan byrja. Det er no det verkeleg spissar seg til mellom Bligh og Christian. Kapteinen vert meir og meir urimeleg i alskens skuldingar, staben meir og meir misnøgd, til det ein morgon endar i mytteri. Av mannskapet på noko over førti, tek berre eit fåtal aktivt del i opprøret. Resten er trufaste mot Bligh, men ikkje alle desse får høve til å dele lagnaden hans. Fire, derimellom Heywood, vert meir eller mindre ufrivillig haldne att mellom mytteristane. Atten går i livbåten med Bligh. Med seg får dei lite meir enn ein sekstant og eit lommeur. I eit område fullt av uvenlege innfødde, har ikkje kapteinen anna val enn å manøvrere den overfylte båten til då portugisiske Timor, 6700 kilometer unna. Denne heltedåden tek knappe to månader, og er heilt utan sidestykke i sjøfartshistoria.

Vel heime i England får Bligh sendt i veg ein leiteaksjon etter det stolne skipet. Straffa for mytteri er udiskutabelt dauden. Dette veit Christian. Dei fire som ikkje tok del i mytteriet, og eit par til som kanskje vonar sjå England att, vert verande på Tahiti. Langt seinare vert dei funne der, og førde heim til England som fangar. Eit par vert avretta, eit par provar uskulda si, og eit par, inkludert Heywood, vert dømde til dauden, men seinare synte nåde. Men Pandora finn ingen spor av Bounty. Fletcher Christian og dei åtte siste mytteristane er søkk borte. Ikkje før i 1814 får britane reie på saka. Då sigler to fregattar ved tilfelle forbi øya Pitcairn, oppdaga i 1767, men førd feil på kartet. Der råkar dei Thursday October Christian, son av Fletcher Christian, og mytteristen John Adams. Han er den sist i live av dei som nådde Pitcairn. Det var dit Bounty siglde, med mytteristane, seks tahitiske menn, elleve tahitiske kvinner og eitt spedbarn ombord. Øya var folketom, men god nok som heim for dei landflyktige. Så byrja nok ein tragedie. Krangel om kvinnene utvikla seg til regelrett krig mellom mytteristane og dei tahitiske mennene. I tillegg kom alkoholmisbruk og fleire tragiske dødsulykker. Då berre Adams og Ned Young var att av mennene, stilna det omsider. Dei skipa til eit fredeleg kristent samfunn. Young døydde av astma. Adams slapp tiltale då britane fann han.

Den dag i dag har Pitcairn knappe 50 innbyggjarar. Ein kjenner opphavet deira på namna: Det er Christian, Adams, Young og fleire. Ein del pinlege affærar har råka det vesle samfunnet, men inntil vidare ser det ut til å halde stand. Folket lever avsondra, det er ikkje ofte eit skip kjem forbi. Men like fullt vil vi koma oss dit ein gong. Målet ligg for så vidt avsides, og folk vil sikkert le av den svermariske tanken vår. Så skjer det heller ikkje på augneblinken. Men dét hadde vore ei oppleving, ikkje berre ein ferie. Idiotane fer til Syden og ligg på ei strand. Men tenk deg den fyrste skimten av Pitcairn i horisonten. Du har floge til New Zealand, sett deg på ein lastebåt og i sigla i sju heile dagar. Så ser du dei stupbratte fjellsidene slynge seg ned mot Bounty Bay, og høgt der oppe Christians hole, der han sjølv sat og reflekterte over si grenselause einsemd. No går det månader før eit nytt skip kjem, i mellomtida sit du fast. Men kva gjer vel det? Øya er rett nok ikkje stor, men har overlevd alle tragiske lagnader komne i vegen hennar. Spørsmålet er om du kan overleva Pitcairn.