Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 02.11.2017 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv var eg nokså gamal før farmora mi lét meg høyre henne. Ho tykte eg laut skånast for slik brutalitet. Hunden Hall blir nådelaust skoten, og guten Per tilsvarande knust. Men faren kjem trøystande til: “For du veit då det, barn, det er berre ein hund!” Hyggeleg lesing for småe born.

Framleis tek farmor til tårene. Men også meg har soga fått aktualitet for. Ei ny jente har flytta inn på hybelen jamsides min. Jenta i seg sjølv er grei nok, men med henne kom ein hund, ei diger tispe av einkvan mystisk rase. Kva hunden heiter har eg framleis ikkje oppfatta. Det blir helst “bikkja”. Og jenta? “Ho med bikkja”. For bikkja tek heile merksemda. Ho gneldrar og gøyr og kvessar klørne på døra. Det er, så vidt eg kan sjå, nesten utelukkande vanskar med henne. Så kjem denne søte hundejenta til meg på laurdagskvelden, og spør om eg ikkje aller nådigast kan passe bikkja hennar. “Ho har laupetid,” blir det sagd. “Så la henne laupe,” svarar eg. Ein skal hjelpe sine medmenneske og vyrde alt liv, men ein stad går grensa: Eg luftar ingen hund.

Eg kjem til å hugse eit Seinfeld-poeng: Om utanomjordiske kom til jorda og såg eit menneske lufte hunden sin, kven ville dei då tru var herren i tilhøvet? Hunden fremst eller mennesket attom, som samlar skiten opp og ber han med seg? Det seier seg sjølv. Og endå er det altså slik, at tallause menneske i vår vestlege kultur, vel dette audmjukande tenaryrket frivillig. Dei har ikkje berre moro av hundane sine, som den rike fyrsten av narren, men snakkar med dei, steller dei, lækjer dei i sjukdom … Hunden er ein ven, og nokså ofte den einaste. Einsame menneske har trøyst i hunden. Borna leikar med han. Han kostar dei dyrt, men døyr han skal dei syrgje. Just som Per, då Hall til slutt vart skoten.

Kan hende er det hjarterått, men meg var det likesælt med hunden Hall. Eg græt ‘kje over hundar. Eg hevar meg over dei. Eg trur meg faktisk betre, uendeleg mykje betre, enn alt som finst av hund. Har ein ikkje menneskelege vener, så finst det inga løysing i ein hund. Hunden er eit dyr, men utan det openberre nytteverdet til rettleg bufe. Eg har difor sympati med viltlevande hund, såkalla laushund, men ikkje forvande kjæledyr. I den grad hundar gjer seg nyttige, er det som metafor for det aller lægste av menneskelege eigenskapar. “Berre ein hund” vart til klassikaren “Hound Dog”, best kjend i Elvis’ klesdrakt: “You ain’t notting but a hound dog, / cryin’ all the time. / Well, you ain’t never caught a rabbit / and you ain’t no friend of mine.” Og Josef K. i Kafkas Prosessen, korleis går det han? Han blir drepen. “ – Som en hund! sa han, det var som om skammen skulle overleve ham.” For ikkje å nemne Smerdjakòf, ein heller tragisk figur i Dostojevskijs Brødrene Karamasov. Han tek livet sitt. “Hund får hunds død!” står det skrive. Og mitt personlege favorittsitat: “The more I meet women, the more I like dogs.” Men motsett med hundejenta, altså, ho i naboromet. Berre hunden står i mellom oss. Finn eg ei børse skal eg skyte han – og seia så omsutsfullt som einast far kan: “Du veit då det, barn, det er berre ein hund!”