Den andre symfonien var min første

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg spelte min første symfoni som fersk cellist i Ålesund symfoniorkester som 12-åring. Det var Rakhmaninovs 2. symfoni. Denne vil eg no skildre for deg. Utfordringa er å skildre eit verk som ikkje har ord. Difor vil eg bruke ein del av mine indre bilete for å forklare verket. Du må for all del høyre symfonien medan du les dette, elles vil det berre framstå som noko trippy mambo jambo. Lukke til!

Flyge over fjell og dalar

Kristofer Olai Ravn Stavseng var 12 då han spelte sin første symfoni som cellist i Ålesund kammerorkester. I dag er han 25 år og leiar i Oslo KrFU. Foto: Privat

Første sats. Eit sakte drønn frå det mørke djupet, med tidvise ljosstrålar som bryt gjennom frå ein stad langt borte. Det er som ein konflikt mellom det mørke og det ljose, før dei endeleg bestemmer seg for å gå inn i ein fellesskap som driv melodien framover. Melodien går flytande oppover og nedover. Tenk på dei gongane du har drøymt at du kunne flyge. Det er som å flyge over fjell og dalar, og du flyg oppover og nedover i takt med landskapet. Men etter kvart (ca 14 min) mister du evna til å flyge, og du må lande i ein mørk og skummel skog. Den er så skummel at du etter kvart må legge på sprang. Du kjenner ein isnande kald skugge vekse bak deg.

Heldigvis tek det ikkje meir enn fem minutt før du er ute av skogen, og alt er fint og lett som ein solfylt søndag på Aker Brygge. Viss det er der du likar å bruke søndagane dine, kva veit eg. Dessverre blir idyllen avbroten av gråe skyer, og det heile sluttar med eit forferdeleg uvêr.

Hæren vår blir angripen, kanskje midt på natta.

Andre sats. Byrjar som eit krigsrop. I det heile tatt har eg alltid tenkt på denne satsen som ei skildring av ein hær av ryttarar som stadig blir kasta ut i krig. Den første strofa i denne satsen, som kjem att fleire stader, er eit tydeleg signal for når hæren vår går til åtak. Unntaket er rundt 03:30. Då skjer det noko dramatisk, noko så infernalsk og intenst, at vi nesten ikkje kan forstå det som anna enn at hæren vår blir angripen, kanskje midt på natta. Dette går tilsynelatande bra, for ved 4:45 går vi plutseleg over til ein lystig og triumferande passasje. Men etter berre 30 sekund skjer det noko. Ei mørk og mystisk oppbygging, som fører til endå eit ragnarok, der blåsarrekka verkeleg får køyrt seg. Hæren vår går til eit hemnåtak!

Etter rundt 7 minutt ut i satsen kjem ei stund til ettertanke. Kanskje tenker soldatane på sine falne kameratar? På mødrer og kjærastar? Dette varer ikkje lenge, for snart er det på ‘n igjen med krigsropet. Ved ca. 9 minutt blir vi minna på alvoret ved krigargjerninga, før det heile endar med stille føter og kviskrande røyster i nattemørkeret.

Sergej Rakhmaninov (1873–1943) var ein russisk komponist og pianist.

Når enden er god

Tredje sats. Er det ikkje så mykje å seie om eigentleg. Det er berre å lene seg tilbake og la seg konsumere av det veldige romantiske hovudtemaet, og alle sidetemaa, som vil føre deg langt av garde inn i tankar om alt og ingenting. Har du nokon du er glad i deg i nærleiken? Set på denne, sjå vedkomande djupt i auga, og sei absolutt ingenting.

Fjerde sats. Har ei ganske typisk oppbygging for ein siste sats. Dette kunne ein musikkvitar sikkert forklart betre enn meg, men ein kan høyre allereie frå starten at det no nærmar seg slutten. Han byrjar så glad og liketil, som om Rachmaninov var letta over å snart vere ferdig med å skrive symfonien. Så, etter eit minutt, slår det han. «Pokker òg, eg har jo faktisk ein heil sats til.» Det er som alvoret med eitt slår inn, men han held det gåande, og straks er han tilbake i det same lette og glade sporet.

Jo nærmare vi kjem slutten, jo meir stas og fest blir det.

Vi har vore gjennom ei lang og strabasiøs ferd. Han er ikkje over enno, men det verste er over, og no skal vi nyte resten av turen. Mellom ca. 6 og 8 må vi mimre litt om dramatikken frå andre satsen, men det kan jo vere fint å snakke ut om ting. Dei resterande 5,5 minutta er fryd og gammen, og jo nærmare vi kjem slutten, jo meir stas og fest blir det. Vi får til og med eit gjenhøyr frå hovudtemaet i tredje satsen.

Og som det heiter i eventyra: Når enden er god, ja då er allting godt.

Vil du skriva om ein låt du likar? Send oss ein epost på tips(a)framtida.no!

Ein «låt» eg likar

Symfoni nr 2 i E-moll

Av: Sergej Rakhmaninov