Skjønnlitteraturen, den gløymte underhaldninga

Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når eg opnar ei bok, opnar eg eit nytt univers

Eg føler meg av og til som ei 90 år gamal dame. Ei av dei som alltid skal hevde at «alt var betre før i tida». Eg har ikkje Netflix-abonnement. Heller ikkje Viaplay, HBO Nordic eller TV2 Sumo. Eg ser ikkje på TV-seriar. Eg kan allereie høyre deg gispe av forbausing. Er det mogleg? Ser eg ikkje på Game of Thrones? Eg er ikkje tilhengar av denne nye forma av underhaldning, og eg lurer på kva ho gjer med menneska si evne til å drøyme og fantasere.

Når eg opnar ei bok, opnar eg eit nytt univers.

Når eg opnar ei bok, opnar eg eit nytt univers. Det universet kjem ved hjelp av forfattaren sine skildringar av personar, dyr, luktar og område. Det set i gang fantasien min. I vår byrja eg å lese Ringdrotten, og aldri har eg angra så sterkt på noko. Eg angrar ikkje på at eg byrja å lese, men på at eg hadde sett filmane på førehand. Eg fekk ikkje danne eit nytt univers. Eg kunne ikkje leike meg med korleis Gandalf og hobbitane såg ut, fordi eg allereie hadde «sett» dei. Eg har mange gongar tenkt på korleis «min Frodo» ville vorte sjåande ut om eg ikkje hadde hatt eit bilete av han allereie.

Eg er av den siste generasjon ungar som ikkje har fått eit nettbrett dytta i nevane som treåring.

Eg er av den siste generasjon ungar som ikkje har fått eit nettbrett dytta i nevane som treåring. Eg måtte pent overleve lange familieselskap med meg sjølv og fantasien min som underhaldning. I dag er det så enkelt. Berre finn fram Brannman Sam på Youtube, så har ungen noko å halde på med.

Eg undrar meg over kva som skjer med fantasien til ungane i dag. Dei veks opp med konstant tilgang til Barne-TV og spel. Då eg var lita, var det berre 30 minutt barne-TV på NRK om ettermiddagane. Var du ikkje heime klokka 18.00, så var det synd for deg. Og hadde bestemor gått glipp av Hotel Cæsar dagen før, måtte ein pent nøye seg med å sjå på Jens August og Juni Anker-Hansen i staden for Pippi Langstrømpe.

Då niesa mi vart 7 år, ringte eg ho. På spørsmålet mitt om ho hadde fått noko fint i gåve, kunne ho overbegeistra fortelje at ho hadde fått ei bok av Roald Dahl. Då vart tantehjartet mitt rørt. At ein i dag kan få ein 7-åring til å glede seg over å få ei bok, er fantastisk. Eg har ikkje tal på kor mange bøker eg har lese sidan eg lærte kunsten som 6-åring. Derfor undra eg meg stort over dei som på vidaregåande klaga når vi skulle skrive særoppgåve. Dei kunne ikkje hugse sist dei hadde lese ei bok som ikkje var pensum. Nokon hevda til og med at dei aldri hadde lese ei heil bok før. Stakkars dei, tenkte eg. Dei veit verkeleg ikkje kva dei har gått glipp av.

Å lese skjønnlitteratur handlar for meg om å stoppe opp.

Å lese skjønnlitteratur handlar for meg om å stoppe opp. Om å gje meg sjølv ein pause frå stress og prestasjonskrav, og moglegheit til å berre leve meg inn i ei anna verd for ein augneblink. Det handlar om å ta vare på fantasien og draumane mine.

Eg har så stor medkjensle for den lille dragen Puff, når han sit der og ventar på at guten skal kome. Ein stad i songen står det:

«Drager lever evig, mens gutter blir til menn. 
Og evnen til å drømme blir av mange lagt igjen.»

Lannister-familien i siste episode av sesong 3 av Game of Thrones. Foto: HBO/NRK

Eg trur det er kva som skjer når vi ikkje les skjønnlitteratur. At vi ikkje hugsar på å opne døra til draumane og fantasiane våre. Alle TV-seriar og filmar er eit uttrykk for nokon andre sin fantasi. Filmane om Ringdrotten er filmskaparane sitt bilete av historia, det same gjeld Game of Thrones og Harry Potter.

Eg trivst med å vere gamaldags utan Netflix og TV2 Sumo. Det vert nemleg skrive mykje god skjønnlitteratur i dag. Dessverre har ei bok kort levetid. Det skal mykje til for å verte notidas Henrik Ibsen eller Sigrid Undset.

Bibliotek etter bibliotek kan mista livsgrunnlaget sitt slik at berre skalet står igjen for å minne oss om det som ein gong var. Minne oss om den gong menneska hadde tid til å setje seg ned å lese, enten for seg sjølv eller høgt for barn og barnebarn.

Eg kjem til å fortsetje å lese, og eg er villig til å ta ein kamp for det eg vil kalle den gløymte underhaldninga. Spørsmålet er berre om du vil ta kampen med meg, eller om du er for opptatt med å vente på neste episode av American Horror Story.

Få nyhendebrev med siste boknytt her!

Skrivekonkurranse

Johanne Knudsen fekk heiderleg omtale av juryen i skrivekonkurransen til Framtida.no, Magasinett og Falturiltu om kva skjønnlitteraturen kan gi oss. Johanne Knudsen studerer ved Høgskolen i Innlandet i Lillehammer.