Alt berre klaffar, gong på gong på gong

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alt berre klaffar gong på gong på gong i denne låten

Eg gjekk musikklinja på vidaregåande, og det er absolutt ikkje det enklaste eg har gjort i mitt liv, men greitt nok gjekk det vel likevel. Ein av dei tinga eg hugsar aller best, og som kanskje var den største utfordringa eg fekk på dei tre åra, var då læraren vår plutselig spurte «om du berre kan høyre på eit einaste album resten av livet ditt, kva album ville du valt?». Så der sat vi då, 24 forvirra og særs tankefulle fjes som ikkje klarte å svare særleg mykje akkurat der og då.

Eit par veker seinare sat eg på ein buss og det slo meg som lyn frå klar himmel: «Sjølvsagt, det er jo det albumet!». Det var like før eg ropte det høgt så heile bussen høyrde det. Eg drog fram mobilen, opna Spotify og sette på det som til dags dato fortsatt er mitt favorittalbum, «Jaron Freeman-Fox & The Opposite of Everything».

Då eg skulle velje ei låt å dedikere ein heil artikkel til var det jo sjølvsagt at det måtte bli noko frå dette albumet. Så i dag sette eg meg ned og lytta til det att, for første gong på altfor lenge, og vart litt nyforelska igjen, for tonane og melodiane er framleis like vakre og rare og spennande som før.

Ragnhild Bjørkum Vassbotn (20) er generalsekretær i Elevorganisasjonen. Foto: Magnus Hundvin

Eg klarer ikkje å sitje stille når eg lyttar til denne musikken

Å trekke ut ei låt frå albumet var heller ikkje det enklaste eg har gjort i mitt liv, og kvifor det akkurat denne gongen vart «Flabbergasp» er eg faktisk ikkje heilt sikker på (spør meg att i morgon, så får du kanskje ei anna låt). Kanskje er det noko med måten musikarane leikar seg på og måten instrumenta lever sitt eige liv i samspel og alt berre klaffar, gong på gong på gong i akkurat denne låta. Korleis ein får servert alt, frå rolege melodiar og stødige rytmar til spennande nye klangar og harmoniar som ein ikkje møter på til kvardags, og at eg ikkje heilt klarer å sitje stille når eg lyttar til denne musikken.

Jaron Freeman-Fox er ein magikar på fele, og som felespelar sjølv kan eg ikkje anna enn å bli fascinert av alt han klarer å gjere med instrumentet. Når han då i tillegg har tatt med seg eit knippe musikarar som saman kan få til kva som helst, og som klarer å få samspel og dynamikk mellom instrument, melodi, tonar og klangar til å gi meg gåsehud langt nedover ryggen, ja, då har han rett og slett skapt eit mesterverk.

Om du har tid ein dag, sett deg ned åleine, drikk ein kopp te og lytt til dette. Lytt og nyt.

Vil du skriva om ein låt du likar? Send oss ein epost på tips(a)framtida.no!

Ein låt eg likar

«Flabbergasp»

Av: Jason Freeman-Fox

Frå: «…& The Opposite of Everything» (2013)