Framtida
Publisert
Oppdatert 26.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei tid på året lengtar eg likevel heim til vestlandet så det verker i brystet, nemleg kvar gong det er frukthaust. Store, saftige Edda-plommer, som delar seg og viser fram ein tørr og fin stein som ligg laus inni den søte frukta! Eller dei små, grøne Reine Claude-plommene, som eg aldri torer å seia namnet på fordi eg ikkje veit koss det skal uttalast, dei som ser så kvinsure og kartne ut, men som blir til det søtaste søte i munnen! Og i mange år har eg leita etter verdas beste plommer som me hadde eit tre av heime i hagen, nokre små blåplommer som kanskje heiter noko med Rivers og visstnok er ein gammal sort som ikkje er så vanleg lenger. Eg trur ikkje det var eple som Adam og Eva åt av i Paradiset, det må ha vore ei stor plomme som dei plukka solmoden rett frå treet, og som var så saftig at det rann nedover haka når dei beit i henne. Nett så syndig godt er det nemleg med norske plommer at ein gjerne ofrar både Paradiset og meir til for å få smaka.

Men her er eg, stranda i ein by opp mot Nordpolen, der dei siste jordbæra ikkje når å bli modne før frostnettene kjem, og der eple, pærer og plommer er for sydenfrukter å rekna. I Nord-Noreg går ikkje ungane på epleslang, dei går på gulrotslang! Og ikkje eit vondt ord om gulerota, men alle sør for polarsirkelen forstår at gulrotslang må vera noko ein gjer for sporten sin del, ikkje for smaken. Når eg, blank i blikket, snakkar om plommer med nordlendingane, kjem dei med desse store, sure, svartraude importplommene som vel knapt har sett sola, og trur at det skal gjera nytta. Det er verkeleg store kulturforskjellar i dette landet!

Desperat etter enno ei resultatlaus leiting etter plommer i fruktdiskane i Tromsø, såg eg ein dag eit skilt i ein butikk, med reklame for at dei kunne skaffa kva det skulle vera av eksotiske frukter. Då burde vel norsk frukt nokre mil lenger sørfrå vera ei smal sak? Men nei, det viste seg at det var lettare å få tak i rambutan-frukt frå Aust-Asia enn blåplommer frå Hardanger. Det var grossisten som måtte ta dei inn, og dei visste ikkje når, eller om, dei fekk noko, men eg fekk no berre følgja med og sjå om det kom noko i hyllene. Og til slutt dukkar det endeleg plommer opp i Tromsø, det gjer gjerne det ein gong eller to i løpet av sesongen. Ikkje dei aller beste, dei blå, men når alternativet er ingenting, kan ein ikkje vera kresen. Dei kostar rett nok det doble av kva dei gjer på vestlandet, men no er eg så sveltefora at eg blar opp kva det skal vera. Med munnen full av søte plommer lovar eg meg sjølv, som eg har gjort kvar haust etter at eg flytta hit: Neste plommesesong reiser eg til Hardanger!