Ola A. Hegdal
Publisert
Oppdatert 24.10.2017 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så vaknar eg opp ein morgon med hovudet fullt av vatt og ei vag kjensle av at eg har opplevd dette før. Augo mine myser no mest fordi dei ikkje vil opne seg. Den eingong så ljuvlege lyden av sildring kjem no frå biholene mine. Og lengst bak i den vatterte hjernen er det eit par – tre hjerneceller som hittil har halde kjeft, eller har vorti overdøyvd av all sildringa. Dei seier noko sånt som dette:

Hei! Har du glømt at du er allergisk mot pollen!

Ja, det har eg glømt, i år igjen. Kvar vår narrar sola og blomane og fuglane meg til å tru at alt dette fine umogleg kan føre noko negativt med seg. Eg har kome fram til den konklusjonen at naturen er ei skjøge. Ei femme fatale som først lokkar meg til seg med godblunking og hoftevrikk, for ho smeller til meg på trynet når eg er som mest forsvarslaus.

Men no er det nok! No skal eg tyne denne godtruande optimisten i meg. Neste år skal eg sjå med bitter skepsis mot vårsola, og eg skal le hånleg av den naive krokusen. I almanakken min (ja, eg skal kjøpe meg almanakk neste år!) skal eg skrive ”FARE! VÅR!” med store, raude bokstavar på sidene for mars-mai.

Den einaste trøsta er som vanleg at det var verre før, og spesielt i puberteten. Under den verste grasblomstringa var augo ofte så gjenklistra når eg vakna at eg måtte opne dei med fingrane. Medisinane på den tida hadde den biverknaden at ein blei stuptrøtt av dei. Som ein kan tenkje seg, kombinasjonen av tung allergi og søvndyssande pillar er ikkje noko å trakte etter. Kvar vår og sommar må eg ha sett ut som ein av dei levande døde, som ein slags vandrande snørr-zombie.

På den andre sida synes eg vi allergikarar skal vere litt stolte av allergien vår. Den viser trass i alt at vi har velutvikla kritisk sans. Vi let oss ikkje by kva som helst! For kva er pollen, eigentleg? Pollen, kjære vener, er tre-sæd! Kvar vår sprøyter bjørka ut tonnevis med sæd som legg seg over landet som et klissute teppe. Bjørka ser nemleg stort på det. Pump det ut over alt, tenkjer hanbjørka. Så får vi håpe vi det treffer ei hobjørk i ny og ne!

Når vi legg til at allergi mot husstøv eigentleg er allergi mot midd, og at allergi mot midd eigentleg er allergi mot middavføring, er saka klar. Problemet med oss allergikarar er at vi har for god smak. Resten av folk i Noreg tykkjer tydelegvis det er heilt greitt å bli dynka i bjørkesæd og middbæsj, vi reagerer mot det. Er det noko å seie på det?

Eg vil med det same få lov til å påpeike at det ikkje ligg nokon slags ”homofobi” i at eg ikkje likar bjørkesæd. Eg ønskjer også be om orsak for eventuelle logiske inkonsistensar i det eg har skreve, det er ikkje så lett å synse med hovudet fullt av vatt. No går eg i hi til våren er over. Eg har lenge tenkt på å reise opp til snaufjellet eller til Svalbard i pollensesongen, men eg glømte det visst i år og. No skal eg legge meg og gle meg til pollensesongen er over, til vinteren, og til neste vår.

Neste vår, ja … Eg gjer nok det same neste vår, òg.