Framtida
Publisert
Oppdatert 24.10.2017 13:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei skolisse som ryk dreper mykje raskare enn kreft, skriv han.
Han har eit poeng.
For: Det skal som oftast mykje til for at ein person «klikkar». Men når det først skjer, er det gjerne ikkje pga. eit vedvarande sinne – som har bygd seg opp over tid. Det kroniske raseriet mot ei urettvis sak eller ein irriterande person kan vere ille nok, men du held deg i skinnet. Du har kontroll. Men når skolissa ryk, kan det verkeleg klikke for deg, hevdar Bukowski.

Nokon som kjenner seg igjen?

Ja, det er dei små katastofene det skal handle om denne gongen. Den berømte dråpen som kan få begeret til å flyte over. Og det er, når ein først tenker over det, ikkje så reint få småting som kan utløyse slike ras av aggresjon.

Altså: Dei små katastrofene i kvardagen, klassiske situasjonar:

Som nemnt:
• At skolissa ryk.

• At du søler ketchup/jordbær/makrell i tomat på kvitskjorta.

Vidare:
• At du slår tåa inn i dørkarmen.

• At bussen er forsinka.

• At bussen er forsinka for tredje gong på same dag.

• At bussen er forsinka for femtande gong på same veke.

• At bussen for ein gongs skuld IKKJE er forsinka – men DU kjem to sekund for seint.

• At stemplingsautomatane på bussen ikkje virkar.

• At somme folk (dei aller fleste, faktisk, og spesielt særleg folk frå Oslo 2 eller 3, der fikk de den, bysnobbar!) ikkje ventar på at folk går av bussen før dei går inn.

• At sikringa går når du skal sjå cupfinalen på TV.

• At sikringa går når du skal sjå «Nytt på nytt» på TV.

• At sikringa går når du skal sjå «Antikvitetar og snurrepipperier» på TV.

• At du kjem inn på RIMI, skal handle inn til ein kjempemiddag og ikkje har tikrone til å løyse ut handlevogn.

• At du kjem inn på RIMI, skal handle inn til ein kjempemiddag, du HAR tikrone til å løyse ut handlevogn, du har fylt vogna til randa og skal berre ha den aller viktigaste ingrediensen i middagen … berre for å oppdage at RIMI er utselt for akkurat den vara, akkurat den dagen.

• At det vrimlar med særingar i den milelange køa framfor deg på RIMI, når magen din romlar og du kjem heim frå jobb/skole og skal ete middag, td 1) den gamle dama som insisterer å betale med kronestykke, 2) den gamle dama som alltid sjekkar kassalappen og må spørre om kvar sum stemmer, eller verst av alle 3) vriompeisen som meiner det er eit hakk i pakka med prim og nektar å betale full pris for vara, eller som krev å få bytte i ei anna pakke, slik at mannen/dama bak kassa må springe heilt til andre enden av butikken for å finne ei ny vare – og tilbake igjen – og akkurat den dagen er det ikkje meir prim igjen, for vriompeisen har sjølvsagt tatt den siste primen, og heile tida visst at det var eit hakk i den einaste primpakka.

• At du står og ventar på postkontoret, det er femti framfor deg i køa, det tar ein halvtime, og du har fått ditt nummer (79) opp på displayet, det er endeleg din tur – og du ser ei gammel dame stavre seg inn i luka før deg og seie: «EG har nummer 78.» Og mens du står og ventar på at ho skal bli ferdig (dei andre lukene har kalt opp fem nummer etter ditt allereie), ser du at ho rotar nedi veska, drar fram ei rekning og ei diger krukke, og kremtar: «Eg skal betale TV-lisensen … eg har samla kronestykker i løpet av året … 1345,- kr – det SKAL stemme.», og postfunksjonæren sukkar, begynner å telje … tre kvarter seinare (det verkar i alle fall slik, du har ei mørk sky oppe i hovudet som skyggar for alle kjensler, inkludert fornemminga av tid) er han ferdig, men seier forsiktig, unnskyldande: «Det mangla visst 3,50.» «Å?» seier den gamle dama overraska, «men eg telte jo gjennom to gongar i går kveld … Ja, ja, eg trur eg har ein femmar nedi veska ein stad, eg skal berre finne han … men kvar blei det av den femmaren, tru? …», og dama rotar og rotar nedi veska, ho finn ikkje femmaren nokon stad, og det er akkurat i dette augeblikket at du kjenner kroppen din dirre, noko kortsluttar oppe i topplokket, du spring ut av postkontoret, rett bort til nærmaste lyktestolpe, og du sparkar inn i lyktestolpen av all makt, du kjenner det knase i tærne dine, du hører stemmen din hyle, og du er farlegare enn ein bataljon med lystmordarar i dette sekundet, du kunne lett ha spronge tilbake, inn på postkontoret, tatt eit kraftig tak i jakkekragen på kåpa til den gamle dama – og kylt ho bortover golvet, så stakken hennar flagra og to pipestilkføter med tusen åreknuter var det siste du såg før du hørte eit dunk i veggen på motsett side av postkontoret.

Og det verste er: Alle dei ventande på postkontoret ville forstått. Dei ville nikka og sett kvarandre i auga og stilltiande sagt: «Det der … det kunne godt ha vore meg.»