Eg har pønska ut eit tv-konsept. Programmet heiter: Folk var jammen dumme i gamle dagar! Dette er greia:

Ola A. Hegdal
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 16:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Programleiaren, Snazzy McFarlane, ønskjer velkommen til Folk var jamen dumme i gamle dagar!

(Publikum JUBLAR)

MCFARLANE:
Sjå, folkens. Ein dum ting frå gamle dagar: Velisopeden!

(Ein mann syklar inn på ein velisoped, ein snål sykkel med stort framhjul og lite bakhjul)

MCFARLANE:
Eller, som dei og kalla han: Veltepetteren! Korleis den fikk det namnet, tru …?!

(Velisopeden veltar og mannen slår hovudet i golvet. Publikum GAPSKRATTAR.)

MCFARLANE:
Hå hå! Folk var jammen dumme i gamle dagar! (LATTER) Seinare skal vi sjå at folk i gamle dagar ikkje budde i rekkehus, men i … grotter i berget!

(Vi ser eit bilete av store grotter i berget. Publikum HÅNFLIRER)

MCFARLANE:
Men først: Første verdskrigen! 15 millionar døde på fire år, i ein krig ingen var interessert i!

(Svartkvitt-film av primitive fly som blir skotne ned)

MCFARLANE:
Og dei hadde ikkje eingong fargefilm til å filme det med. Folk var jammen dumme i gamle dagar!

(Publikum SKRATTAR)

Slik held programmet fram med toskute song- og dansenummer, sms-avstemmingar og kjendis-quiz, alt for å vise kor dumme folk var i gamle dagar. Poenget er sjølvsagt å gi folk noko å le av. Alle menneske treng nokon å le av. Men kven kan ein le av i våre dagar utan å få dårleg samvit? Alle dei gruppene som folk lo av før, som svarte, homofile, fattige eller samar, er det no strengt forbode å le av.

Dette har ført til ein enormt etterspurnad etter menneske vi kan le av utan å få dårleg samvit. Og kven passar vel betre til det enn folk frå gamle dagar? Alle er einige om at folk i gamle dagar var ukule og gamaldagse. Og det beste er at folk i frå gamle dagar ikkje eingong blir fornærma, ettersom dei fleste av dei er døde for lenge sidan. Det er ingen attende til å protestere eller skrive sinte brev til lesarbrevspaltene (noko det elles hadde vori typisk folk i frå gamle dagar å finne på!).

Tv-programmet Folk var jammen dumme i gamle dagar! vil derfor ha den størst moglege målgruppa (Alle som lever no i dag). Målet for satiren er ei enda større gruppe (Alle som levde i gamle dagar), men dette er folk som er døde og derfor uansett ikkje ser på tv. Dette kallar eg eit ideelt tv-konsept!

Vi som lever på totusentalet sit på ein måte heilt på toppen av historia. Vi kan sjå ned på alle dei andre som levde før oss og le litt overberande av det dei tenkte og det dei gjorde. Vi har fasiten og veit korleis alt gjekk til slutt. Inst inne veit vi at vi aldri hadde nådd fram dit vi er i dag om det ikkje hadde vori for det folk holdt på med i gamle dagar. Likevel greier vi ikkje å late vere å føle oss litt overlegne. Vi har fått eit slags klasseskilje i tida, nesten ein slags fortidsrasisme.

Problemet er berre at historia ikkje stoppar opp. Vi veit at gamle dagar og må ha vori notid eingong, før dei blei fortid. Det same kjem truleg til å skje med notida vår. På eit eller anna tidspunkt vil også vi i byrjinga av totusentalet ha blitt ”gamle dagar”, og kva da? Vil folk i framtida vere så frekke at dei ser ned på oss? Vil dei håne oss fordi vi likte rap og hadde kvite veggar i husa våre? Vil dei rakke ned på tankane og meiningane våre?

Dette synes eg er drygt. På vegner av alle oss frå totusentalet rettar eg med dette ein appell til dykk som lever i framtida: Ikkje flir av oss! Berre fordi de veit enda meir og kanskje har enda finare bilar og stereoanlegg enn oss, må de ikkje tru at de er betre enn oss! Utan strevet vårt hadde heller ikkje de i framtida nådd fram dit de er!

Lat oss inngå ein avtale, folk i framtida. Vi totusentalingar lover å ikkje sjå ned på og le av folk frå fortida, og vi skal ikkje produsere tv-programmet Folk var jammen dumme i gamle dagar, dersom de i framtida lover å gjere det same.

Kva seier de til det?