Lærarane Åshild Hjelbrekke og Borghild Rommetveit ved Natland skole i Bergen tok ordet under Nynorskkonferansen sist veke og fortalde om opplegget sitt etter eit seminar om sidemålsundervisinga.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Norsklærarane byrja å bruka Framtida.no i 9.klasse på Natland skole i vår. No har dei òg fått 8.klassingane til å bruka Framtida.no.
Lærarane har inkludert ein rss-feed frå Framtida.no i læringsplattformen Fronter, og lar elevane velja kva artiklar dei vil lesa. Til kvar veke får elevane i oppgåve å skriva eit samandrag på ei halvside av ein artiklane på nynorsk.
Vurderingssamtalar
Lærarane har vurderingssamtale med elevane der dei går gjennom samandraga dei har skrive.
– Det fungerer veldig bra. Då kan me til dømes spørja eleven om kva kjønn eit substantiv har, viss dei har bøygd det feil, seier Åshild Hjellbrekke.
– Med dette opplegget får elevane samfunnsaktuelle tekstar på nynorsk og dei får øva seg på å skriva på nynorsk, legg Borghild Rommetveit til.