Over halve Kinas befolkning er på reisefot
Sjølv med ein befolkning på nesten 1,4 milliardar har heile Kina haustferie på same tid. Denne veka er det forventa at 710 millionar kinesiske turistar på reisefot innad i landet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Haustferie i Kina: Over 700 millionar på tur
I samband med Kinas nasjonaldag 1. oktober og midt-haust festivalen (også kalt månefestivalen) har heile Kinas befolkning ei veke ferie. Barn og ungdom får fri frå skulen for å tilbringe tid med familien, ete månekaker og utforske nye stader.
I år er det forventa at over halvparten av befolkninga skal ut på tur. Det er ein auke på 10 prosent samanlikna med same periode i fjor.
I følgje den kinesiske avisa People’s Daily er det blitt brukt tilsvarande 1,1 milliardar kroner på mat, kultur, reise og suvenirar i Kina i løpet av søndag og mandag. Det er nesten 11 prosent meir enn i fjor.
Shanghai, Beijing og Hangzhou er dei mest populære reisemåla, men i overkant av 6 millionar kinesarar reiser også utanlands til blant anna Thailand, USA og Japan.
Sjå film øvst i saka frå dei travlaste stadene i Shanghai under månefestivalen 2015!