Anita Svendheim
Publisert
Oppdatert 22.09.2017 13:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Folk får hysterianfall når dei høyrer om svine- og fugleinfluensa. Tusenvis av personar går og vaksinerer seg for influensa og forkjøling rett etter dei har tømt kofferten for sand og solkrem. Når ein har oppkastsjuka held ein seg heime frå skule og jobb i vekevis for ikkje å smitte andre. Foreldre spring til legen med ein gong borna får ein raud prikk på magen, overbevist om at det er raude hundar.

Det rullar skrekkbilete av kolsramma personar på tv-skjermen med skummel musikk og mørke effektar. Og VG oppdaterer allergikarar om pollensituasjonen dag for dag med fargekoda spalter under vêrvarselet. Likevel er det ein sjukdom som ingen snakkar om. Det er ein sjukdom som foreldra ikkje ser symptoma på, sprøytene ikkje beskyttar ein mot og avisoppslaga ikkje viser. Sjukdommen har fått namnet himmelsjuka.

Tidlegare var verda fylt av forventningar, normer og avgrensingar. Var ein son til ein bonde skulle også sonen leve eit liv blant sauer og høyballar. Målet med livet var å finne ei vakker jente som kunne sy for så å gifte seg med ho, få fem ungar og ein blå lastebil. Livets problem, stridigheitar med naboen og dårleg samvit kunne ein alltids gå til Gud med.

I dag er det andre tider. Ein kan bli det ein sjølv ynskjer i livet, men det bør vera noko som innfrir personen sine eigenskapar og interesser. Målet med livet er å bli vellukka, sjølv om ingen heilt veit korleis ein blir det. Livets problem, stridigheitar med naboen og dårleg samvit er det forventa at ein sjølv ordnar opp i, og dersom ein klagar seg blir ein stempla som merksemdsjuk eller ”drama queen”. I dag har ein ingen reglar for kva liv ein skal leve, noko som gir ein ennå større krav til å velje det rette. Det har vore evige diskusjonar om livet som var betre før, men det som i alle fall er sant er at det då var enklare.

Drøymer om hollywoodliv

Himmelsjuke, eller hollywoodsjuka som det også blir kalla, blir stadig meir utbreidd i dagens samfunnet. Dette er spesielt etter at teknologi og media har fått tatt seg til rette i kvardagen til folk flest. Himmelsjuke er karakterisert som ein person som ser på sitt eige liv som kjeisamt og innhaldslaust. Dette er fordi dei ser filmar om actionheltar og bilde frå raude løparar heile dagane, og blir til slutt av den oppfatning at noko anna liv enn eit hollywoodliv er eit mislukka liv.

Livet deira hamnar då oftast innanfor den sistnemnde kategorien der støvsuging, facebook og mattelekser opptek timane mellom skule og soving. Dei fleste går også så langt at dei startar ubevisst å stebe mot perfekte ”kamera-liv” der dei ser fantastiske ut døgnet rundt, har fullpakka timeplan, konto full av pengar og mange vener. Dersom dette livet ikkje innfrir forventingane eller går i oppfylling kan mange gå inn i ein depresjon der dei føler seg ubetydelige, usette og unødvendige.

Som born er ein verdsmeister i alt. Ein kan bygge sandslott som dei beste arkitektane, teikne som Munch og bli kjempehøg berre ein strekk armane i vêret. Ein får til og med skryt når ein syng som ein halvkvelt fugl, og forbipasserande kviskrar ”så søt” til kvarandre når ein spring gjennom parken med genseren på vranga og ketchup over halve andletet.

Alt for raskt er ein blitt hiven inn i tenåra. Læraren synest ikkje lenger ein er flink når ein klussar saman ei teikning på fem minutt, og folk synest ikkje ein er så veldig søt når ein snik i køen på bensinstasjonen. Heile livet er snudd på hovudet, og ein skal passe inn i den litle ramma som er laga til ein mellom skuleflink og populær. Ein får ikkje lengre skryt, og ein må starte å sjølv vurdere det ein gjer. Alle er opptekne med sine eigne problem, og ein føler seg ikkje sett i ei verd full av katastrofar, tidsfristar og krav. Då er det vanskelig å finne verdsmeisteren i seg.

Ein nasjon av navlebeskuarar

Når ein har vekse opp i Noreg er det lett å ta velferdsgode for gitt. Ein klagar seg over høg skatt sjølv om ein får betalt skulegong og helseforsikring. Ein klagar over bompengar når ein har gleda av ein velutvikla infrastruktur. Ein klagar over at ein tar i bruk utanlandsk marmor til bygging av operaen når ein har ein kultur som blir tatt vare på så godt som det lar seg gjera. I land som Noreg har ein det så godt at ein faktisk har moglegheita til å stille spørsmål til saker som ofte berre blir sett på som bagatellar i andre land. Når dette går opp for nordmannen er det lett å føle seg overflatisk.

Spørsmål som ”kva har eg gjort for å fortene eit slikt liv?” og ”korleis kan eg sitte her med god samvit berre ved å betale 200 kr til Kirkens Nødhjelp ein gong i året?” meldar seg. Ein sit med ein konstant flau smak i munnen og føler at ein ikkje er spesiell nok til å fortene slike gode. Då kjem knyttneven i magen som aldri går vekk, og tanken om at ein skal hjelpe menneske som ikkje er like godt stilt. Denne tanken varer heilt til ein set seg framføre TV-en og klagar seg over det stygge antrekket til Kristin Halvorsen på nyhendene den kvelden.

Nordmenn er flinke til å sjå framover. Ein sit å planlegg sommarferien i oktober ned til minste hotellrom og restaurantbesøk. Når sommarferien endelig er der etter ti månadar med regn, koppar med grøn te og eksem startar nordmannen å sjå fram mot kvardagen, knekkebrød til frukost og timar framføre datamaskina igjen. Ein planlegg alltid framtida, og likar å vera godt førebudd på alt som vil, bør og kan skje – sjølv i ein hektisk kvardag.

Då er det ikkje rart at mange slit med søvnproblem dersom den einaste gongen ein gir seg tid til å tenkje gjennom ”kva om”-episodar som har hendt, episodar som ikkje har hendt, personar ein ynskjer å konfrontere, planar for neste dag, personar ein saknar, personar ein hatar og spørsmål til seg sjølv er når ein ligg i senga med siste utkastet av ein rapport som ein berre må lese over ein siste gong.

Kartlegg grensene dine

Dei fleste veit at dei ikkje egnar seg til å springe maraton lenge før dei nærmar seg startstreken. Menneske har det så mykje enklare med å sjå sine fysiske grenser, enn sine psykiske grenser. Få personar seier ja til å bestige Kilimanjaro, sjølv om nesten alle seier ja til å bli forfremma på arbeidsplassen. Sjølv om ein ikkje blir raud i andletet, startar å sveitte som ein gris eller får 120 i puls av å ha ein sjefsstilling i eit stort selskap er det ikkje dermed sagt at det ikkje tærar på ein som person.

Alle har sine eigne grenser, både fysisk og psykisk, som det er viktig at ein sjølv kartlegg. Sjølv om arbeidet og plikter tek over større delar av privatlivet, som første skuledagen til sonen, den årlege venninneturen og kosekveldar med familien, har ein vanskeleg for å trappe ned – anten fordi ein ikkje ynskjer å sjå seg sjølv inn i augo, eller fordi ein lev i tanken om at eit vellukka liv er makt, pengar og suksess.

Mange er av den oppfatning av dersom ein berre har ein sjelevenn, pengar, hus og tre bilar vil ein vera lukkelig. Dette har vore draumen til mange på grunn av at ein alltid har blitt fortalt at det er slik livet skal vera. Likevel har fleire og fleire som har kome seg til toppen funne ut at dette ikkje var det dei eigentlig ynskja seg. Sjølv om nokre blir lukkelege av pengar, er det mange som blir lukkelegare av medmennesklege ting som å oppfostre borna sine. Diverre tek få seg tid til å tenkje gjennom kva dei ynskjer seg i livet før dei har brent sine bruer og stifta sine millionselskap. Det er ikkje slik at ein kjem til lukka ved å kjøre riksvegen – mange gonger kan dei som ikkje har peiling på kvar dei er vera lukkelegare enn nokon andre.

Finn din eigen veg

Livet før var som ein tentamen, der ein fekk karakterar etter kor godt ein svarte på oppgåva ein fekk tildelt. Livet nå til dags er som ein tentamen der ein ikkje veit kva oppgåva er, eller om ein i det heile får karakterar på arbeidet sitt. Eg skulle ynskje at ingen følte seg mislykka ved å ikkje ha eit ekstraordinært liv. Eg skulle ynskje eg kunne seie at eg veit at livet blir enklare. Eg skulle ynskje eg trudde på Gud slik at døden ikkje blei endeleg. Likevel er døden det einaste som er sikkert ved livet. Og dersom ein døyr uansett, har ein i alle fall ikkje noko å tape på å gjere mest mogleg utav livet og å leve det utan avgrensingar.

Livet blir det du gjer det til. Tenkjer ein negativt vert alt negativt, og tenkjer ein positivt vert alt positivt. Det handlar om rett fokus, og om kva du ynskjer av livet ditt. Ynskjer du eit evig mas av eit liv som er konstruert av photoshop og redaktørar, eller ynskjer du eit liv der det å lage middag er ein glede? Ynskjer du å tenkje på pengane du har samla opp i banken, eller gleda over ditt barns første skritt? Livet er hardt, men finn du din eigen veg er eg sikker på at det kjem ein dag der alt vil vera verdt det.