Framtida
Publisert
Oppdatert 22.09.2017 14:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg vil bli forfattar. Og på laurdag skal eg på Bok-Ball på Universitetet. Dei har lova at det skal vere forfattarar der som ein skal få danse med, seier Björk (23).

Den unge litteraturstudina leiger eit rom bak kjøkkenet til Angela Rawlings (33). Slik kan Angela ha råd til drømmebustaden som er toppa av eit glastårn, skrivestova hennar med 360 gradar utsikt over heile Reykjavik, halve Reykjanes, og heilt til Akranes og Mosfellbær.

– Vil du ha kaffi, spør Björk meg når ho høyrer at eg er forfattar eg også. Eg, som huseigaren ho leiger av.

– Det er fæl kaffi altså, held Björk fram. Det er morgon, klokka åtte islandsk tid, ti norsk tid, og eg har ikkje hatt tid aleine enno i dag, har ikkje bestemt meg for kva eg skal ete eller noko, når Björk kjem med ein stor kopp veik kaffi.

Eg likar ikkje god kaffi. Eg får heilt angst av slike maskiner som lagar kaffien akkurat slik og slik som han skal vere, seier jenta.

Ein kunstnar som vil ha det på sin eigen måte.

Eg leiger også rom hos Angela Rawlings, min venninne. Men medan Björk leiger på lang sikt, er eg her bare for Reykjavik Internasjonale Litteraturfestival. Og litt til.

Då var det lite som passa så godt som å bu hos Angela Rawlings. Ho skreiv dikt på tynt papir. Om sommarfuglar. Då budde ho i Canada.

Ho hadde bare skrive denne eine boka, Wide slumber for lepidopterists, då ho kom til Island for ein litteraturfestival, og forelska seg i naturen og folket.

Kjærleiken utkrystalliserte seg til noko meir spesifikt. Til den islandske geologien. Og i Stærkur, mannen som ho no er gift med. Angela reiste aldri heim att til Canada etter den siste perioden sin her.

No har ho mann og leilegheit. Bustaden ligg nestan heilt oppe ved Hallgrimurkyrkja. Det er eit av landemerka i byen, og ligg på eit høgt punkt.

Og det er her eg sitt no, denne onsdags morgonen. Førebur meg på ein kjøretur. Nord i leia, mot Borgarnes, kor Snorre Sturlasson er fødd, oppvaksen, kor han kom tilbake, skreiv, ridde på islandshestane sine, forelska seg i ei gift kvinne, blei drepen.

Dei siste fem levedagane til Snorre er skildra skjønnlitterært av Thorvald Steen i boka “Den lille hesten”. Her gjer Steen eit kvalifisert dykk inn i psyken til sagaforfattaren.

Med reiser, lesing og refleksjon til grunn for arbeidet, har Steen forsøkt å vise heile mennesket Snorre. Styrkene, målrettetheita, men også kor svak han var for damer.

Snorre var ein viktig grunn til at Reykjavik den 5. august fekk status som Verdsby for Litteratur gjennom UNESCO. Reykjavik blir den første ikkje-engelskspråklege byen som får statusen. Dei andre byane er Dublin, Melbourne, Iowa og Edinburg.

Med ein forfattartettleik som ikkje nokon andre byar kan måle seg med, var det inga bombe at Reykajvik no fekk statusen. Det var på tide. Ikkje bare fostrar byen eigne forfattarar. Han trekk forfattarar til seg. Litteratur gir litteratur. Det er slik ein blir forfattar: av å lese. Av å danse med andre forfattarar.

– Skal du på anna program på Litteraturfestivalen, spør eg Björk.

– Nei, det er så mange slike litteraturarrangement. Ein rekk ikkje over alt, seier Björk. Sjølv skal eg nok til Sagaseminaret i morgon ettermiddag. Skal ein lære å skrive som klassikarane, så må ein studere dei. Og gå i spora deira, det gjer eg mens du les dette.