Framtida
Publisert
Oppdatert 14.09.2017 14:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Børge Ousland er kjend for sine ekspedisjonar til polområda, og rangerer høgast soloekspedisjonen i 1994 til Nordpolen. Men sjølv med hans merittliste av turar i inn- og utland har han ikkje gått på Jostedalsbreen på langs før i år. Breen ligg i Sogn og Fjordane, og turen vart ei flott oppleving for han og turfølgjet hans.
– Vi kunne jo ikkje hatt bedre vêr. Dessutan fekk Harald Kippenes og eg med oss Lodalskåpa den 31. mai, min fødselsdag, og det var ein god måte å feire dagen på, fortel Børge Ousland.

Ousland bursdag
Gratulanten Børge Ousland på gullstol på toppen av Jostedalsbreen saman med venene Harald Kippenes (t.v.) og Ole Trøan (Foto privat).

I godt selskap

Turfølgjet møtte om lag 100 turistar på toppen av breen i motsett retning i det strålande vêret. Saman med Ousland på turen var kameraten hans Harald Kippenes (Oslo), samt søstrene Merete Asak og Stine Asak (Oslo) og Ole Trøan (Bergen). Følgjet gjekk opp frå Fjærland i Sogn til Flatbrehytta og overnatta til laurdag. Derifrå gjekk turen vidare opp på breen og vel 70 kilometer nordover til Erdal i Stryn.
Harald Kippenes kjenner nok mange att frå BBC-dokumentaren der Kippenes spelte ein av mennene til Roald Amundsen, som var dei første til å nå Sydpolen i 1911.

Moro med bre

Med Ousland og Kippenes sine erfaringar vart turen som ein kosetur og rekne. Ousland seier han har hatt mange fine turopplevingar til Nordpolen og i Noreg i Finnmarksområdet. Men han seier at turen over Josten på langs absolutt kan anbefalast.

– Korleis var turopplevinga i forhold til dei mange andre stadane du har vore?
– Det er alltid deilig å vere på tur i Noreg. Sjølv om eg har vore mange stader vil eg alltid sakne og kjem stadig tilbake til naturen her heime, anten det er fjell, skog eller sjø. Det er moro at det framleis finst slike store fine brear her i landet.

Unngå gnagsår

Ole Trøan fekk gode turtips undervegs, for han har alltid slite med gnagsår på skiturar. Denne gongen hadde han teipa hælane med sportsteip før start.
Ousland har gode råd til dei som vil gå Josten på langs.

Jostedalsbreen

Kveldsstemning med vakker solnedgang på Jostedalsbreen (Foto privat).  

– Det er mange som får gnagsår på slike turar, og ikkje veit kva dei skal behandle dei med, fortel Ousland. Han kjøper med ei sjølvklebande skumgummiplate og sportsteip, som kan fåast på apotek.
– Det er viktig at teipen heftar godt og at den ikkje er elastisk. Rund av skumgummiplata i kantane, legg den på gnagsåret og teip godt, men ikkje for stramt, forklarar Ousland. Foten må kunne vere lett å røyre når ein går.

Fysisk velvere

For Børge Ousland er alle turopplevingane ein svært viktig del av livet.
– Turar er alltid eit slags anker tilbake til noko opphavleg, for fysisk velvere og balanse, understrekar han.

For alle i gruppa var humoren viktig. Dei prata og lo og skøya heile vegen over i finvêret.

– Det var godt skiføre, fortel Trøan. Han fekk også med seg Merete på toppen av Lodalskåpa, 2083 moh, med fantastisk utsikt over breen.

Fall i sprekk

Merete Asak fortel at isbreen kan vere lunefull, noko ho fekk erfare. Etter 20 meters gange i tau datt ho rett gjennom med eine foten og fall framover med sekken over seg. Heldigvis kom ho seg greitt oppatt, men var svært glad over at søstera sikra. Til slutt kom alle seg velberga ned frå Europa sin største fastlandsisbre og gjekk ned til vakre Erdalssætra.