Randi Skaug (49) er første norske kvinne til å nå toppen av verdas høgaste fjell Mount Everest, og ho ønskjer å dele med andre korleis ein skal nå sine toppar i livet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein draum blir til
– Fortel om noko av det viktigaste du tok med deg frå Everest
– Eg har lagt inn eit nytt ord i vokabularen mitt: Formålstenleg. Dess mindre krefter eller resursar eg hadde, dess viktigare blei spørsmålet: – Vil dette bringe meg på toppen, eller ikkje? Skal eg ta den diskusjonen no eller ikkje? Skal eg gå eller kvile?
Til dømes hadde Skaug sett opp teltet sitt i ”base camp” like ved matteltet og dermed var måltida berre ti steg unna. Sjølv om ho var sliten, orka ho å gå og ete, i motsetnad til andre som budde i utkanten av campen. Ho oppsummerer at ein heile tida må vere fokusert og målretta.
Noreg som ”leikegrind”
Skaug sjølv har eit mål om å bruke Noreg som ekspedisjonsland dei neste fem åra.
– Det er lett tilgjengeleg, vakkert, reint, gratis og klimavennleg, smiler ho.
Skaug har nyleg nytt naturen i Rosendal med tur til Melderskin og forfriskande morgondukkert i Hardangerfjorden.
– Kva er livskvalitet for deg?
– Å vere ute i frisk luft – å oppleve at eg meistrar kvardagen. Målet er å ha det bra, seier ho, og medgir samstundes at dette ikkje alltid er like lett. Men ho øver seg.
– Eg ønskjer å hjelpe fleire menneske med å ha overskot og toppdagar i livet, seier Skaug.
Skaug as
Randi Skaug driv firmaet Skaug as og har fire levevegar: Foredrag, bedriftsrettleiing, styrearbeid og bok. Ho held inspirasjonsforedrag om å bli god på gjennomføring. For bedrifter har ho konseptet ”Walk the talk,” som handlar om å bli god på å gjennomføre måla ein set seg. Vidare sit ho i fleire styre, og ho har skrive boka Mot toppen. Den handlar om ekspedisjonane hennar til dei sju høgaste fjella i kvar verdsdel: ”7 Summits”. På turen til den sjuande toppen, Mt. Vinson i Antarktisk, ville teamet samle inn 1,5 millionar kroner til minerydding i Afghanistan. Dei klarte berre 200.000 kroner. No har Randi bestemt seg for at 1,5 millioner skal ho likevel klare å samle inn. Kvar fjerde krone av boksalet går til dette formålet.