Ekspertar: – Ap treng ein havarikommisjon

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Flørting med KrF, mediestyr rundt dei økonomiske disposisjonane til partileiaren og ei endelaus rekkje dårlege målingar har nok sin del av ansvaret for det elendige resultatet. Dette er likevel underordna det faktum at Ap ikkje trefte veljarane heime med sin hovudbodskap, skriv Harald Stanghelle, redaktør i Aftenposten.

Politisk kommentator i VG Frithjof Jacobsen tvilar sterkt på at Ap-leiar Jonas Gahr Støre overlever «det elendige resultatet».

– Sjølv om det er eit samla Ap som har bomma på valstrategi og politiske disposisjonar, er det han som sit med det endelege ansvaret. Eg klarer ikkje å sjå at Ap kan gå til eit nytt val med han som statsministerkandidat. Eg trur hans dagar er talde, skriv Jacobsen.

Han understrekar også at eit slikt nederlag i andre land ville ført til at partileiaren varsla sin avgang allereie på valnatta.

– Arva makta, ikkje mobiliseringsevna

Kommentator i Dagbladet Ola Magnussen Rydje meiner at dersom Støre hadde stukke av med sigeren i valet, hadde det vore trass i og ikkje på grunn av strategien til partiet.

– Støre arva makta, men arva ikkje mobiliseringsevna. Sjølv om undersøkingar før valet viste at fleire har ønskt seg ei Arbeidarparti-leidd regjering enn ei Høgre-leidd regjering, har ikkje partiet under Støres leiing lenger den stoltenbergske spurtkrafta, skriv Rydje.

Tidlegare har ein sett Ap kare til seg dei nødvendige prosentpoenga mot slutten av valkampen, men dette skjedde ikkje i år.