Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ane Dahl Torp nytta siste sjanse til å stemma før valdagen

– Eg må innrømma at eg ikkje følgjer så veldig godt med. Eg stemmer på det store og grunnleggjande, og der veit eg rimeleg godt kor eg står, seier Ane Dahl Torp (42), som røper at ho står «godt og vonleg solid på venstresida».

Den kjende skodespelaren nytta høvet til å førehandsstemma på Egertorget i Oslo sentrum då ho gjekk tidleg frå jobb før helga.

– Eg liker veldig godt å stemma på valdagen, særleg på dagtid når ein har god tid. Mannen min pleier av og til å ta på seg finklede, det er nesten litt som ein rite. Dette er meir fast food-varianten av å stemma, men eg jobbar lenge på måndag og veit ikkje om eg får tid, seier Torp, og gjer det klart at ho for all del ikkje kan gå glipp av sjansen:

– Eg hadde ein gong eit forferdeleg mareritt der eg drøymte at eg hadde gløymt å stemma. Då vakna eg og var kjempestressa. Det å ikkje stemma er noko eg absolutt ikkje kan stå for.

Ane Dahl Torp var langt frå åleine om å bruka sjansen til å førehandsstemma på Karl Johan. Me møtte også fleire andre i den lange køen utanfor det provisoriske stemmelokalet:

– Fram og tilbake

Studentane Ingveig Sveen Eilertsen (24) og Ann Harriet Granberg (23) har ikkje hatt tid til å følgja mykje med på debattane i valkampen, men utnytta den siste dagen av førehandsrøystinga i Oslo.

Studentane Ingveig Sveen Eilertsen (24) og Ann Harriet Granberg (23) har ikkje hatt tid til å følgja mykje med på debattane i valkampen, men utnytta den siste dagen av førehandsrøystinga i Oslo. Foto: Ragnhild Sofie Selstø

– Eg har vore litt fram og tilbake, men trur eg har funne ut av det, seier Ann Harriet Granberg (23) frå Lillestrøm.

Ho har stått ein halvtime i kø framføre stemmelokalet på Egertorget saman med Ingveig Sveen Eilertsen (24) frå Raufoss. Begge er studentar i hovudstaden.

– Eg brukte ein del valomatar for å finna ut kva saker som var viktigast for meg, og så har eg lese litt i reklame og partiprogram. Det har ikkje passa å sjå så mykje på debattane, seier Eilertsen, som til slutt landa på Ap.

– Det kjem ikkje nødvendigvis så bra fram kva saker dei står for i debattane, dei berre peikar på kvarandre sine feil, supplerer Granberg, som har landa «litt i midten» og røystar på Venstre.

– Mykje synsing

Andreas Skuggen (25) frå Ørskog førehandsstemte på Egertorget i Oslo på fredag.

Andreas Skuggen (25) frå Ørskog var blant dei mange som førehandsstemte på Egertorget i Oslo på fredag. Foto: Ragnhild Sofie Selstø

– Både òg, svarar Andreas Skuggen (25) frå Ørskog når me spør om det har vore vanskeleg å bestemma seg.

– Eg veit kva side eg ligg på, men så måtte eg finna ut kva eg skulle røysta på. Eg har hatt i eksamen i dag, så eg har ikkje hatt så god tid, seier Skuggen, som studerer kulturleiing ved høgskulen. Han røystar i heimfylket Møre og Romsdal, og kan difor ikkje røysta i Oslo på sjølve valdagen.

Skuggen er oppteken av kulturpolitikk, og røysta hans går til venstresida. Valkampen har han derimot ikkje vore særleg begeistra for.

– Det har vore veldig mykje synsing. Det er litt difor det har vore vanskeleg å velja; det er ikkje alle som har framstått så bra, seier han.

Førehandsrøysting

  • Den offisielle valdagen er 11. september.
  • Dei som ikkje er i den kommunen der dei er folkeregistrert, til dømes fordi dei studerer utanfor heimstaden, kan ikkje røysta på valdagen og må førehandsrøysta.
  • Siste dag det går an å førehandsrøysta er fredag 8. september.
  • Les meir på valg.no, og finn ut kor du kan røysta på valglokale.no.