Framtida
Publisert
Oppdatert 04.09.2017 10:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ellinor og Åsta. Foto: Marianne MagnussenDei to systrene synest det å vere med å skape eit nytt liv er absurd – og eit fantastisk privilegium.

– Eg har grine mykje i dag. For eg har sett alle episodane av ”Jordmødrene” på Internett. Ellinor frå Nordfjord er på kveldsvisitt hjå storesystera Åsta Katrine Hovde, som bur på Askøy utanfor Bergen, og gjesten har teke med seg to stadig veksande element; ein mage og eit blått strikketøy.

– Faktisk tenkte eg å spørje deg om du ville sjå dagens episode av ”Jordmødrene” med meg i kveld, seier Åsta Katrine.
– Men eg ser gjerne ein episode om att, forsikrar Ellinor.

Individuelle mirakel

– Kvifor vil de sjå på når andre føder?

-Det er så rørande og fint når eit nytt liv blir til. Det er jo eit mirakel!, kjem det entusiastisk frå Åsta Katrine.
– Eg synest det er mest spennande, for eg vil vite korleis det er. Men i dag måtte eg grine då eg såg kor sinnsjukt vondt kvinnene hadde det, fortel Ellinor.
– Riene varer ei lang stund og aukar gradvis i omfang, så ein kan nok venje seg til smertene, trøystar storesystera.

Ellinor. Foto: Marianne Magnussen
Ellinor har fått høgare tankar om morsrolla etter at ho sjølv vart gravid. Foto: Marianne Magnussen

– Trur det at det er ei god førebuing å vite korleis andre opplever sine fødslar?

– Programma er nok realistiske, for dei viser stor variasjon. Men dei kan kanskje gje gale forventningar likevel..?, stussar den gravide unge kvinna.
Vertinna trur ”Jordmødrene” er ei god førebuing, men meiner at ein bør vere selektiv når ein henter informasjon via media:
– Viss ein bruker mykje tid på å lese om andre sine opplevingar på Internett, klarar ein nok til slutt ikkje å kjenne etter på sin eigen kropp.
– Iallfall gjev det unødvendige bekymringar når ein les om alle andre sine problem. Det har eg opplevd sjølv, seier Ellinor.

Absurd

– Endrar livet seg drastisk når ein blir gravid?
– Eg har fått eit anna perspektiv på kva som er viktigast, kjem det frå Ellinor, som er utdanna til vernepleiar, og ho utdjupar:
– Før eg vart gravid, var eg veldig klar for å studere meir, og vurderte å ta mastergrad. No er eg meir oppteken av å få ein jobb som er praktisk med tanke på morsrolla. Å få bli mor gjev i seg sjølv ei kjensle av stordom.
Musikkterapeuten Åsta Katrine reknar med at det vil bli utfordrande å prioritere nok tid åleine med mannen hennar når ein baby kjem inn i biletet. Likevel trur ho at eit felles barn vil være mest positivt for forholdet deira:
– Tenk at det går an at to menneske lagar eit nytt liv i lag!
Ellinor nikkar:
– Det er overveldande. Og absurd.

– Kva er mest avgrensande med å ha eit barn i magen?

– Dei siste dagane har eg ikkje orka å gå på fjellet og sole meg i lag med veninnene mine. Kroppen kjem dessutan lett ut av form under svangerskapet, fortel tjuetreåringen.
– Men nytt liv gjev også ny inspirasjon til å utnytte dei moglegheitene ein faktisk har, kjem det optimistisk frå Åsta Katrine.
– Det er vel berre ein sjølv som bestemmer kva som avgrensar. Eg har iallfall ikkje lyst å være for forsiktig, seier Ellinor bestemt.

Stabil mann og sjølvbilete trengst

Kvifor vil de ha barn?

Åsta. Foto: Marianne Magnussen
Åsta Katrine trur det er lurt å modnast før ein set ungar til verda. Foto: Marianne Magnussen

– Det er eit stort privilegium, og ikkje alle kvinner har moglegheita til å bli gravid. Dessutan lærer ein mykje av å få oppleve dei ulike dimensjonane av livet på så nært hald, seier Åsta Katrine.
– Eg trur det er det sterkaste instinktet ei dame har, seier Ellinor, som stoppar brått å strikke og ser tankefull ut i lufta. Etter ei stund legg ho til:
– Det er nok ikkje like sjølvsagt for alle… Men det burde vere rekna som det naturlege, for det er jo naudsynt for at mennesket skal leve vidare.

– Når passar det best å bli mor?
– Viss ein prioriterer venner, utdanning og studie, passar det aldri, slår Åsta Katrine fast.
– Det viktigaste er å ha eit trygt forhold til den kommande faren, seier Ellinor.

– Eg trur ein bør ha landa personleg. I slutten av tenåra utviklar ein seg mykje og lærar samstundes å kjenne og akseptere seg sjølv. Har ein vore gjennom dette, kan ein lettare ta omsyn til eigne behov og dermed unngå å bli så sliten som mor, meiner musikkterapeuten.
Systrene frå Nordfjord er einige om at gjennomsnittsalderen på 27 år er for høg:
-Når ein er yngre har ein meir energi!