Han skal kjempa mot John Arne Riise og Jan Thomas om å bli Noregs tøffaste kjendis

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tevlar mot John Arne Riise og Jan Thomas i «71 grader nord»

Saka var først publisert i Sunnhordland.

Håvard Tvedten (39) har tidlegare gjort det svært bra i konkurranse mot kjendisar på fjernsyn. For tre år sidan vann han TV 2-konkurransen «Best av de beste». I går ettermiddag sat den tidlegare handballstjerna på buss med retning Lindesnes for å gå laus på første etappe av «71 grader nord – Norges tøffeste kjendis».

Vil oppleva naturen

– Eg har blitt spurt om å vera med fleire gonger før, men då har eg svara at det ikkje har passa ettersom eg har vore i utlandet og halde på med idrett, seier Tvedten til Sunnhordland.

Det har altså ikkje stått på viljen.

– «71 grader nord» er det konseptet blant slike seriar som eg har hatt lyst til å vera med på. Her får ein utfordra seg sjølv, og samstundes oppleva norsk natur, noko eg har sakna då eg har budd vekke, seier han.

Kjendisar

I tillegg til Tvedten er følgjande kjendisar med denne sesongen: Carina Dahl, Marthe Kristoffersen, Abiel Tesafi, Karoline Dyhre Breivang, John Arne Riise, Lars Erik Blokkhus, Nadya Khamitskaya Andersen, Jan Thomas og Silje Torp.

– Det er folk frå ulike bransjar, og eg likar godt å møta nye personar, så dette blir veldig gøy, seier Tvedten.

– I tillegg til konkurransedelen skal det bli spennande å bli kjend med nye folk rundt bålet.

Stordabuen legg ikkje skjul på at han har vinnarambisjon. Men å vinna treng ikkje vera det viktigaste.

– Eg har eit avslappa forhold til akkurat denne turen. Ein får så mykje anna i denne pakken, og det skal bli godt å utfordra seg sjølv litt.

Ny jobb

Etter at 39-åringen gav seg som handballspelar, og flytta til Bærum med familien, har han fått ein heilt ny kvardag. No er han konsulent i selskapet Storform AS. Her jobbar han med leiarutvikling.

– Eg har faktisk ikkje tenkt på handball. No synest eg det er kjempegøy å gjera heilt andre ting, seier han.

Innspelinga av programmet starta altså i går, og resultatet får me sjå på TV Norge på nyåret.

Les meir på sunnhordland.no