Nicki Minaj knusar rap-legendane på 80 sekund

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein låt eg likar: «Monster» med Kanye West ft. Nicki Minaj m.fl.

Rap-industrien er kraftig mannsdominert, og tekstane og musikkvideoane ber sterkt preg av dette. «Monster» er ikkje noko unntak.

Songen startar med eit overraskande vers frå melankoli-kongen Justin Vernon frå Bon Iver, samtidig som videoen visar vakre kvinner i undertøy som heng etter nakken i kjettingar frå taket. Rapparen Rick Ross sit blant dei daude kvinnene ikledd raud silkejakke og røykar sigar. Seinare sit Kanye West i ei seng med to tilsynelatende daude kvinner – også i undertøy, mens han kjærteiknar dei.

I Jay-Z sitt vers samanliknar rap-legenden seg sjølv med kjente horror-karakterar som Loch Ness, gnomar og zombiar, og truar om å angripe ein bygd og valdta kvinnene og borna. I bakgrunnen ligg ei daud, naken kvinne på ein sofa.

I begynnelsen av musikkvideoen får sjåaren ei åtvaring om at innhaldet kan oppfattast kvinnehatande og negativ mot nokon grupper mennesker. Men, sidan det er kunst skal det ikkje tolkast sånn. Det blir som å seie, «ikkje for å vera frekk, men du er faktisk ganske dum». Det er likevel ganske frekt å seie.

Etter i overkant 3 minutt med kvinnehat kjem endeleg Nicki Minaj til ordet. Minaj er kjent for sine ville ansiktsutrykk og evna til å hoppe frå ein karakter til ein annan – noko ho også har måtta tola kraftig kritikk for. Med dei titals personlegdomane, song- og rapstilane har ho blitt kritisert for å vera falsk og inkonsistent. Nokon meiner ho er altfor bad, mens andre meiner ho er for Barbie-aktig.

Produsent Kanye West prøver å fronte ein splitta personlegdom og kampane mellom egoet og freistingar i «Monster», men lykkast ikkje. Det gjer Nicki Minaj.

Ho finn seg ikkje i å bli begrensa av merkelappar, og øydelegg alle kategoriar og merkelappar før dei i det heile tatt blir klistra på henne. Ho er eit monster; ei kontinuerlig formskiftande kvinne som ikkje er den same for meir enn eit par sekund. Og ho er sint.

I Minajs kameratid opptrer ho i to karakterar: den eine har rosa parykk og søt, britisk aksent og blir halden fanga av den andre, ein gotisk-inspirert Minaj ikledd svart netting og lær som grynter fram ein hissig rap. Sistnemnte er hennar alter-ego Roman Zolanski, Nickis ‘tvillingbror’.

– Roman er ein galen gut som bur i meg og seier dei tinga eg ikkje vil sei … eg trur han blei født ut av sinne, har Minaj forklart. 

Kanskje ho tar fram Roman i «Monster» for å slå tilbake mot alle hatarane. Både mot henne som artist, men også mot kvinnehatarane.

Kanye West og Jay-Zs mislykka forsøk på å få fram monsteret i seg forsterker berre Nicki Minajs enorme rap-evner. Å fronte kvinnenedsettjing som kunst er ikkje kult lenger. Minaj viser korleis det heller skal gjerast.

For det er ikkje tvil om kven som har tatt over rap-trona, og det er Minaj fullt klar over sjølv. Ho avslutter verset sitt med å be lyttarane sjå forbi utsjånaden og pengane hennar. No har ho vist at hennar rappe-evner også er spektakulær;

«Pink wig, thick ass, give ’em whiplash
I think big, get cash, make ’em blink fast
Now look at what you just saw, this is what you live for
Aaaah, I’m a motherfucking monster.»


Les om fleire låtar me likar her! 

Vil du skriva om ein låt du likar for Framtida.no? Send oss ein e-post på tips[a]framtida.no!

Ein låt eg likar

«Monster»

Av: Kanye West featuring Jay-Z, Rick Ross, Bon Iver og Nicki Minaj

Album: My beautiful Dark Twisted Fantasy (2010)