Når ein først skal spotta Gud, kvifor ikkje ta steget heilt ut?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein låt eg likar: Blasfemisk polsk black metal

Sjå føre deg at du er i ei russisk-ortodoks gudsteneste. Faderen kjem ut or avlukket sitt ved alteret. Han går ned langsmed kyrkjegolvet og svingar røykjelseskaret att og fram. Det klirrar i messingen. Røyken breiar seg. Repetitive gitartonar fyller kyrkja, før han jamrar ein salme. Nettopp denne sinnstemninga fyller meg når eg høyrer på introen av «Очищение». Kjensla varer ikkje lenge; plutseleg hamrar slagverket laus saman med ein dyster melodi og ei tung basslinje.

Medan salmen vert sunge djupare og djupare, pulserer slagverket like intenst som løpet på eit maskingevær. Skrik følgjer opp den djupe liturgisongen, som målar eit mørkare og mørkare lydbilete. Basskoring og skrik vekslar om ein annan, medan dei glir inn i den dundrande, kraftfulle melodien.

Помилуй себе, (Miskunn dykk sjølv,)
по велицей милОсти моей, (for min store nåde,)
яко же глагола ко отцем нашим, (for mi rike forbarming,)
очищУ беззаконие свое (vil reinsa dine gjerningar)

Øystein Sandve er lektorstudent ved Universitetet i Bergen og har sete i landsstyret i Norsk Målungdom. Foto: Beathe Sognnes

I eit land som Polen der ni av ti identifiserer seg som romersk-katolske kristne, der prestar får undervisa i skulen og ei abortlov som er den strengaste i Europa, er ikkje religionskritikk ein sjølvfølge. Likevel har Batushka, som tyder fader, teke seg fridomen til å ytra seg blasfemisk. Dei forsyner seg grådig med ortodokse ritual, uttrykk og liturgiar, vri og venda det til ironiserandre liturgiar, for så å smelta det saman med brutal black metal. «Очищение» uttrykker ei ekstrem form for religionskritikk, så ekstrem at berre ei handfull personar veit kven dei åtte musikarane er. Dei dekker ansikta sine på konsert. Dei har og kjem ikkje til å avsløra namna sine. Dei beskyttar sin eigen identitet. «Очищение» er ein black metal-låt så rå, intens og religionsspottande at det gir meg frysningar nedover ryggvirvlane.

Fader Kirill under ei ortodoks påskegudsteneste i Moskva. Foto: kremlin.ru

Vil du skriva om ein låt du likar? Send oss ein epost på tips(a)framtida.no!

Ein låt eg likar

«Очищение»

Av: Batushka (Polen)

Album: Литурги (2015)