Helga Flatland ser skilsmisse gjennom auga til vaksne barn

Framtida
Publisert
Oppdatert 14.08.2017 10:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho blir omtalt som ein av dei beste, unge forfattarane i Noreg og er spådd til å bli «ein av våre viktigaste samtidsforteljarar». No er den prisvinnande og kritikarroste forfattaren Helga Flatland aktuell med ein ny roman.

«En moderne familie» viser handlinga gjennom blikket til dei tre søskena Liv, Ellen og Håkon i 30- og 40-åra. Foreldra Torill og Sverre på 70 år skil seg. Etter å ha vore gift i 40 år seier dei seg ferdig med prosjekt familie og er klare for nye opplevingar som ferske pensjonistar.

Dei tre søskena reagerer ulikt på skilsmissa, men det rokkar ved familiedynamikken, barndomsminna og sjølvbildet.

– Grunnen til at eg skreiv om skilsmisse mellom eldre, var at eg las ein stad om kor lite det blir snakka om vaksne barn si oppleving av foreldre som skil seg, seier Flatland.

Ho trur at fleire eldre vil skilje seg framover, og at fleire vaksne barn må ta omsyn til skilte foreldre, blant anna fordi vi lever lenger og generasjonane blir forskyvd.

Generasjonsforskyving

Det ho sjølv kallar for «generasjonsforskyving», er eit gjennomgåande tema i «En moderne familie».

Og eit fenomen ho kjenner seg igjen i.

– Eg trur mange i samtida vår kan kjenne seg igjen i det, fordi få av oss lever som generasjonen før oss gjorde. Forventningane til kva ein 40- eller 70-åring skal vere, både frå ein sjølv og frå dei rundt, er endra.

Forfattaren trekkjer fram den eldre generasjonen anno 2017.

– Dei har framleis ambisjonar og planar for livet, og mange ser ikkje på seg sjølve som gamle – med all mogleg rett. Då mine besteforeldre var 70, var dei ifølgje seg sjølve og andre, gamle. Eg trur vi oppfattar dagens 70-åringar som yngre.

I romanen grunngir Sverre skilsmissa slik: «Vi føler begge at det nå er tomt, at vi har hentet ut det vi kunne fra hverandre og dette ekteskapet. Vi ser ikke noen fremtid i hverandre lenger.»

– Kva skjer når dagens eldre pensjonerer seg og prosjekt familie er fullført? Eg håpar at eg i romanen ikkje berre klarer å sjå innover, men at eg også skriv om samfunnsstrukturar vi alle er ein del av, seier Flatland.

«En moderne familie» er ikkje sjølvbiografisk, men så klart hentar eg rekvisittar frå eige liv.

Dei vaksne skilsmissebarna

– Eg har alltid visst at eg skal jobbe med tekst, seier Helga Flatland, som vann Tarjei Vesaas’ debutantpris då ho romandebuterte som 26-åring. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Då Flatland i 2015 blei tildelt Amalie Skram-prisen for sitt forfattarskap uttalte juryen at «det er frigjerande å lese ein forfattar som klarer å løfte blikket frå seg sjølv og eigne erfaringar.»

– «En moderne familie» er ikkje sjølvbiografisk, men så klart hentar eg rekvisittar frå eige liv. Det er uunngåeleg, seier Flatland.

Til liks med Flatlands tidlegare romanutgivingar tar «En moderne familie» for seg nære relasjonar. Det finst framleis ingen skurkar – og ikkje noko utprega godt eller vondt.

– Det skal helst vere realistisk og truverdig, understrekar forfattaren.

– Boka handlar om skilsmisse, men eg starta med å utforske søskenrelasjonen. Eg har sjølv tre søsken, og det er noko unikt over det å dele dei same referansane og genmateriale, samtidig som ein veks opp med å bli heilt forskjellige frå kvarandre.

Fått det til

I motsetning til fleire av hennar jamaldra, har Flatland i svært ung alder allereie fått til noko.

– Eg har vore heldig som har hatt skrivinga som eit definerande element heilt sidan eg var barn. Eg har alltid visst at eg skal jobbe med tekst. Det er likevel ikkje noko revolusjonerande å ha ein karriere i ein alder av 32. Eg har eit yrke eg er glad for, og eg jobbar hardt. At det blir definert som å ha fått til noko i «ung alder», seier kanskje meir om forventningane til min generasjon.

Karakterdrivne romanar

Flatland har ingen planar om ein oppfølgjar til «En moderne familie», men held fram å skrive.

Ho debuterte 26 år gammal med romanen «Bli hvis du kan. Reis hvis du må» som ho fekk fleire prisar for. Romanen er første bok i ein trilogi. Andre bok, «Alle vil hjem. Ingen vil tilbake», kom i 2011 og siste bok, «Det finnes ingen helhet» kom i 2013.

I 2015 gav ho ut romanen ­«Vingebelastning», og same året debuterte ho som barnebokforfattar med «Eline får besøk» (2015).

Bøkene har gitt henne Tarjei Vesaas debutantpris, Ungdommens kritikerpris og Amalie Skram-prisen.