Paint lever vidare likevel

Etter at Microsoft først planla å kutte Paint frå neste Windows-oppdatering, lovar dei no at programmet skal leve vidare.

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Microsoft lovar at Paint vert tilgjengeleg som gratis og nedlastbart alternativ, skriv Tek.no.

Etter reaksjonane Microsoft møtte då dei sa Paint skulle forsvinne frå Windows, har dei no oppdatert lista over program dei kuttar.

Paint kjem til å vere tilgjengeleg som nedlastbart alternativ i Windows Store, forsikrar selskapet. Paint 3D kjem til å vere ein del av standardutvalet i Windows, medan Paint er tilgjengeleg gratis.

Microsoft skriv i eit blogginnlegg at dei forstår Paint har fått mange fans, og vil difor at Paint skal vere tilgjengeleg vidare.