MS Paint (1985–2017)

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv The Guardian. Den nye oppdateringa kjem i haust, men det er ikkje nokon klar dato enno. Paint har fått dødsdommen, men me veit ikkje kor lenge me har att med vår kjære ven.

Programmet vart først lansert i 1985, og fekk altså eit 32 år langt liv. I år kom Microsoft med Paint 3D, men det er liksom ikkje heilt det same. Når eg tenkjer meg om, har eg ikkje prøvd det. Eg hadde faktisk ikkje høyrt om det før no. Men det kan umogleg vere det same.

Paint er venen som alltid stiller opp. Alltid er der når du treng han. Om du skal lagre eit skjermskot, eller teikne noko litt meir avansert. Han er på alle maskiner, om du er heime, på jobb eller biblioteket.

https://twitter.com/Nibellion/status/833735795081084930

Paint har utvikla seg, sjølvsagt. Stillstand er ikkje idealet. Fleire biletformat, til dømes. I den nyaste utgåva kan ein angre ti handlingar tilbake, mot berre tre gongar før det. Den endringa kom med Vista. Paint har òg fått ein utvida meny med faner, slik Windows har gjeve til andre program. Å vere i utvikling er ein del av Paint-sjela.

Paint har fått mange utvidingar, for å hengje med i tida. Men no er det slutt. Microsoft kvittar seg med programmet i haust.

Om Paint hadde hatt kjerneverdiar ville dei vore open, raus, ærleg. No veit eg ikkje om Paint har kjerneverdiar, for eg har ikkje undersøkt. Eg berre føler på meg at Paint ikkje har det. Og dessutan, om Paint har kjerneverdiar, vil dei uansett ikkje vere like treffande som open, raus og ærleg.

For det er slik me kjenner Paint. Open for nye moglegheiter og utvikling, lèt oss gjere det me vil, men er ærleg og set grenser. Skal du gjere noko du ikkje får til i Paint, då treng du truleg ikkje gjere det. Som med alle andre vener, er det viktig å ha mot til å seie ifrå.

Paint har fått ein innhaldsrik meny med tida.

Ja, det har kome andre verktøy som konkurrerer med Paint. Eg veit mange bruker Utklippsverktøy, eit nyttig program for å ta skjermskot. Det er til og med innebygd i Windows. Eg brukar det mykje sjølv.

Men det er eit supplement, ikkje ei erstatning. Skjermskotet til høgre, av menyen, fekk eg ikkje til å ta med Utklippsverktøy. Menyen forsvinn når du trykkar fram Utklippsverktøy. For å ta skjermskotet måtte eg bruke Print Screen og lime inn i … ja, du gjetta det. Paint.

Det er berre éin ting å gjere. Eller, det er vel to ting, men det er liksom eit seiemåte at det berre er éin ting å gjere. Me få starte folkegruppa «Me som vil ha Paint på 1,5-liters flaske». Me må ta opp kampen, og vise Microsoft at dei ikkje kan gjere dette. (Den andre tingen er sjølvsagt å sørgje.)

Så kjære Paint, ta med deg orda frå Håvamål. Og vit at eg kjem til å bruke deg så mykje eg kan, medan me framleis har deg her.

Døyr fe; 
døyr frendar; 
døyr sjølv det same. 
Men ordet um deg 
aldri døyr 
vinn du eit gjetord gjævt. 

Eg skulle finne eit døme på eldre Paint, og då fann eg dette biletet på Deviant Art. Foto: Blue Amnesiac