Noreg for lite for dei største artistane

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gigantane U2 er ute på stor Europaturné, men droppar Noreg. Coldplay, som tidlegare har gjesta Noreg, spelte nyleg to konsertar i Sverige, men droppa også Noreg. Det same gjeld artistar som Beyoncé, Eminem og Rolling Stones.

Mens Norge tidlegare gjerne stod på plakaten når dei verkeleg store artistane var ute på turné, har dette endra seg no, meiner Peer Osmundsvaag i Atomic Soul, ein av dei større konsertarrangørane i Noreg.

– Oslo bada tidlegare i store artistar, men då var det også ei mykje sterkare krone. Ho er ikkje sterk no, og då må talet på besøkjande auka. Vi kan ikkje berre auka billettprisane, seier han til Aftenposten.

På grunn av utbygging er Valle Hovin, som hittil har vore den største arenaen for utandørskonsertar i Oslo, ikkje lenger aktuell, og då finst det ikkje lenger nokon klare alternativ. Voldsløkka kan vera eit alternativ med ein kapasitet på opp mot 60.000 menneske, men dette området skal evaluerast nærmare før det ligg føre ein konklusjon.

Frank Nes i Bergen Live er einig og meiner at dei store kostnadene med å få store utanlandske produksjonar til Noreg skremmer arrangørane, som allereie har små marginar.

– Dei største artistane har gjerne store produksjonar med mellom 50 og 100 semitrailerar på vegen, og då blir reknestykket enkelt, konstaterer han.