Først ut i den nye spalta «Ein låt eg likar» er Framtida-journalist Runar Bjørvik Mæland. «Constructive Summer» minner han på at sommaren er ei tid då er mogleg.
mm
Ein låt eg likar

«Constructive Summer»

Av: The Hold Steady (New York, USA)

Album: Stay Positive (2008)

LES FAKTALUKK FAKTA

Eg har aldri klatra til topps i eit vasstårn, og ville nok aldri ha turt å gjera det om eg nokon gong skulle få sjansen. Men eg har sett folk gjera det på film, og det er ein klisjé som har eit grep om meg: Å setja seg til rette i toppen av tårnet med nokre kalde øl og skoda utover landskapet; sitja høgt over bakken og kjenna seg heva over verda, heva over reglar og alt som vanlegvis held ein nede.

Det er denne kjensla, denne naive førestillinga om fridom, som The Hold Steady fangar så meisterleg i «Constructive Summer», ein av dei obligatoriske sommarlåtane i mi bok. Det herlege rockedrivet og refrenget «we’re gonna build something this summer» gir kvart år bod om at sommaren er ei tid då dei vanlege reglane ikkje gjeld, ei tid då alt er mogleg.

Vokalist Craig Finn opnar songen med å samanlikna seg sjølv og venene sine med den legendariske trommeintroen i Iggy Pops «Lust for Life», og kastar dermed eit anker ut til djupet av rockehistoria. Der finn «Constructive Summer» godt feste – for er det ikkje denne trongen til fridom rocken alltid har handla om?

Illustrasjonsfoto: Robin Roberts / Pixabay.

Innsprøyting av overmot

«Raise a toast to St. Joe Strummer / I think he might have been our only decent teacher», syng Finn med den grautete, grove røysta si seinare i songen, for å hamra inn poenget: Fire akkordar og ein sixpack kan vera det som reddar livet ditt denne sommaren.

The Hold Steady har andre låtar som er større og meir sofistikerte, som «Stuck Between Stations» eller «How a Ressurection Really Feels». «Constructive Summer» er likevel låten eg alltid kjem tilbake til når eg treng ei innsprøyting av overmot og skaparkraft når skule- eller jobbåret nærmar seg slutten og kveldane byrjar å bli lyse. Som Craig Finn syng: «Let this be our annual reminder that we can all be something bigger».

Vil du skriva om ein låt du likar for Framtida.no? Send oss ein e-post på tips[hjå]framtida.no!

Oppdatert: fredag 28. juli 2017 13.57

Kommentarar

ANNONSE