– Tala for i år viser overraskande ein kraftig nedgang på 25 prosent samanlikna med tidlegare år, fortel Bernt Nilsen, leiar i Norsk Test, som driftar båtførarprøva nasjonalt på oppdrag for Sjøfartsdirektoratet til NRK.
Til no i år har 12.500 personar teke båtførarbeviset. På same tid i fjor hadde 17.000 gjort det same.
Nielsen trur det er fleire årsaker til nedgangen.
– Båtførarprøva har blitt justert litt i år og blitt vanskelegare. Særleg på navigasjonsdelen, som vi ser folk har tatt veldig lett på før. Det kan òg vere dårleg vêr og at folk ikkje har kome skikkeleg i gang med båtsesongen, seier han til NRK.
Oppdatert:
tysdag 18. juli 2017 11.39