Smart med låste postkasser for å hindre ID-tjuveri
Rundt 75 prosent av postkassene her i landet er i dag ulåste. No vert folk oppfordra til å ta grep.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) meiner folk bør sikre seg betre mot ID-tjuveri.
– Vi gjer oss meir sårbare om vi ikkje låser postkassa, seier seniorrådgjevar i NorSIS Hans Marius Tessem til NRK. Han poengterer at det er ei vurdering kor mykje jobb det er å låse postkassa, kontra det å vere trygg sånn at ein unngår å bli utsett for ID-tjuveri.
– Det vi ser er at den som blir offer for ID-tjuveri får veldig mykje plunder og heft, så det kan vere ei god løysing å låse postkassa si.
God grunn til å låse
Over 100.000 nordmenn opplever forsøk på svindel og ID-tjuveri. Både pass, bankkonto og pinkodar vert leverte til oss i postkassa vår og er lett å forsyne seg av for den som måtte ønskje det.
– Det er ein god grunn til å låse postkassene sine fordi det er gjerne der ein potensiell ID-tjuv vil gå for å hente den informasjonen han vil ha tak i, seier Tessem.
Ifølgje Posten Noreg finst det ikkje noko tal på kor mange postkasser som har lås eller ikkje, men dei antar at 75 prosent er ulåste.