Vestlandet til topps i korps-NM

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tasta Skolekorps frå Stavanger blei i helga noregsmeister i NM skulekorps brass, medan Midtun Skoles Musikkorps frå Bergen gjekk til topps i NM skulekorps janitsjar for andre året på rad.

Også mange andre korps frå Hordaland hevda seg godt i begge konkurransane i helga. I 1. divisjon skulekorps-NM for brass er sju av dei ti beste korpsa frå Hordaland, med Tertnes Skole Musikkorps og Smørås Skolemusikk på høvevis andre og tredjeplass rett bak vinnaren Tasta frå Rogaland.

I 1. divisjon NM skulekorps janitsjar er den geografiske spreiinga større, men Hordaland toppar lista også her med Midtun skoles Musikkorps og Ulriken Janitsjar.

Også i 2. divisjon og 3. divisjon var det korps frå Hordaland som stakk av med dei gjævaste plasseringane. I skulebrass blei det gull til Hordaland med Askøy skolebrass i 2.-divisjon og Salhus/Hordvik skolekorps i 3. divisjon, medan Os Skulekorps klatra til topps i 2. divisjon janitsjar og Lindås Skoles Musikkorps blei best i 3. divisjon.