Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

19 år gamle Hkeem (Abdullhakim Hassane) frå Stovner i Oslo har berre rappa i eitt år, men på rekordtid har han etablert seg som eit namn på den norske artisthimmelen. Med hitsingelen «Fy faen» har han tatt Noreg med storm saman med kompisen Temur. I dag kan du sjå musikkvideoen.

Videoen, som er regissert av Arnt Heggeli og spelt inn på Stovner, speler på «fy faen-moments» frå ein dag som ikkje går etter planen. Hkeem og Temur trur mange vil kjenna seg att i scenane i filmen, ifølgje ei pressemelding frå Universal Music Noreg.

«Fy faen» har allereie blitt streama over 15,7 millionar gonger og toppa både dei norske Spotify-listene og VG-lista. Etter at han blei brukt i ein episode av NRK-serien «Skam», har songen også blitt lagt merke til utanfor landegrensene. Sist veke slapp Hkeem og Temur ein svensk og dansk remix, samt ein singback-versjon som har fått folk til å laga sine eigne versjonar av songen, ifølgje pressemeldinga.

LES OGSÅ: Rapparen Gyda (23) har fått beskjed om å slanka seg og vera meir sexy