Tom Cruise vil lage action på Preikestolen

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Mission Impossible» på Preikestolen?

Produsenten har søkt Forsand kommune om løyve til å gjere filmopptak og å bruke helikopter på turistattraksjonen i Lysefjorden, skriv Stavanger Aftenblad.

Det er selskapet Truenorth Norway som har sendt søknaden på vegner av Jupiter Springs Productions Ltd, skriv avisa. Det dreier seg truleg om innspelinga av «Mission Impossible 6» med Christopher McQuarrie som regissør og Tom Cruise, Henry Cavill og Rebecca Fergusson på rollelista.

– Vi kan ikkje kommentere kven som er oppdragsgivar, seier Per Henry Borch i Truenorth Norway til Stavanger Aftenblad.

– Dette er nok det største filmprosjektet som har vore i regionen. Vi byrja planlegginga for eit halvt år sidan, og filminga blir eventuelt til hausten. Det er ein viktig sekvens i filmen som skal spelast inn på Preikestolen, seier Borch.

Etter det avisa meiner å vite, skal det vere sluttscenene i actionfilmen som skal leggjast til det spektakulære fjellplatået i Rogaland.

LES OGSÅ: Kino er framleis det mest populære kulturtilbodet