Berre unge og lovande?

Framtida
Publisert
Oppdatert 07.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste åra har unge, kvinnelege forfattarar fått ei slags oppreising og blir stadig trekt fram som namna bak årets mest interessante utgivingar. Dei vinn debutantprisar og får generelt mykje merksemd.

Intervjuar Erlend Liisberg hadde invitert forfattarane Linnéa Myhre, Ingvild Lothe og Eline Lund Fjæren til å diskutera dette på Litteraturhuset i Bergen sist torsdag.

Blir dei omtala annleis enn sine mannlege kollegaer?
Eline Lund Fjæren svarar kontant ja, på dette.

– Ein meiner at litteraturen berre er interessant for kvinner. Ofte går kritikken ut på at det er for sjølvsentrert og at forfattaren ikkje greier å sjå utover seg sjølv. Samtidig er det mange døme på menn som ser minst like innover, Knausgård til dømes, som ikkje får same type kritikkar og tilbakemeldingar.

Myhre trekker fram at uansett om det gjerne er eldre menn utan kunnskap om temaet som skal melde bøkene hennar, så vil ho framleis skrive om det som ho er oppteken av. Slik som eteforstyrringar, som ho har skrive mykje om.

– Og kjenslene bak eteforstyrringar til dømes, er jo ålmennmenneskelege, sukkar Fjæren oppgitt.

LES OGSÅ: – Usunt å la jenter i tenåra lese dette

Likestilling og kjønnsroller
– Unge lovande menn er jo ikkje ei overskrift, men ein sjølvfølgje, smilar Fjæren oppgitt.

På spørsmål om dei unge kvinnene skriv annleis enn menna, ler dei tre forfattarane.

– Min kamp kunne jo like gjerne blitt skriven av ei dame, svarar Myhre.

Samstundes er det ikkje tvil om at dei fleste forfattarar, uansett kjønn, tek utgongspunkt og inspirasjon frå eige liv og eigne erfaringar.

– Det er som om verkelegheitslitteratur vert oppfatta som meir «sladrete» om det er ein kvinneleg forfattar bak, medan det er ærleg og ållmennmenneskeleg om det er ein mannleg forfattar bak, meiner Fjæren.

Vidare forklarar ho at det likevel er eit symptom av samfunnet at kvinner gjerne skriv om andre ting enn menn.

– Vi skriv jo om det vi blir fortalt av samfunnet at vi skal vera opptekne av: ikkje politikk og samfunn, men kropp og eteforstyrringar til dømes. Samstundes ligg det jo ein samfunnskritikk i å skriva om nettopp korleis merksemda mot desse tinga, gjer utslag i unge jenter sitt liv.

LES OGSÅ: Nynorsk girlpower på kvinnedagen

Kulturmannen og mansplaining
Den, for mange, kjende «Kulturmannen», var det stor diskusjon om for nokre år sidan. For å sitera Marte Michelet «Kulturmannen er en slesk fyr, som (jevnlig) er rødvinsfull og (alltid) er høy på seg sjæl».

Desse er ofte óg dei som i stor grad enno sit på «trona» i kultureliten, og dei som ein ofte har ynskt respekt frå som nykommar i miljøet. Dette er i endring, men ikkje utan friksjon:

– Det har nesten blitt parodisk, noko som gjer det ganske enkelt å heller berre le av det, enn å la seg påverka, svarar Fjæren på spørsmål om korleis ho vert påverka av kulturmennene rundt seg.

Likevel er det framleis slik at ein gjerne ikkje får same respekt som ein mannleg kollega.

– Eg føler at ein må bevisa seg sjølv og forsvara kvifor ein er flink, liksom på tross av at ein er ung og kvinne, på ein måte unge menn ikkje ser ut til å måtte forhalde seg til. Sjølv om jenter for tida er betre i skulen til dømes, forklarar Myhre.

LES OGSÅ: Mannstruerer du?

Avliva omgrepet
Dei tre forfattarane ynskjer ikkje å ta over rolla som kulturmannen i kulturkvinne-format, men håpar på full likestilling

– Eg håpar me kan bli sidestilt og få likestilling på både kjønn og alder, forklarar Lothe.

 

LES OGSÅ: – Naturleg at det er flest kvinner som debuterer


– For meg har det vore ei fin oppleving stort sett heile vegen. Eg blir tatt på alvor, og det skulle berre mangle, seier forfattar Eline Lund Fjæren. Foto: ØYVIND SUNDFØR STOKKE-ZAHL, STUDVEST