Om bilar skal få automatiserte køyresystem i framtida treng dei å meistre vinterføre. Dette skal Kartverket teste ut saman med ei bedrift i finsk Lappland.

NPK
NPK

Automatisering og robotisering av transportsektoren er i rask utvikling. Om sjølvkøyrande system og automatiserte køyretøy skal komme i kommersiell bruk, må løysingane testast under skiftande vêrforhold, også i ekstremvêr, skriv Kartverket på nettsidene sine.

Kartverket samarbeider med den finske bedrifta Finnish Geospatial Research Institute (FGI) i eit prosjekt som blir kalla Aurora Snowbox.

Prosjektet tilbyr automatisert testkøyring på to nivå: På første nivå kan prototypar tidleg prøvast ut i testmiljø på sikra strekningar. På andre nivå kan testane gjennomførast i trafikken, dette fordi finsk lovverk alt no gjer avansert automatisering på offentlege vegar mogleg.

Test deg sjølv på etiske dilemma med sjølvstyrande bilar:

Kven må døy?


Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.29
ANNONSE