– Unge i dag har grunn til å demonstrera

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Bladet Tysnes.

– Eg har ikkje heilt bestemt meg for kva eg skal snakka om, men på arbeidarane sin dag kan me kan stå opp for rettar, seier han, som er leiar Ungdommens fylkesutval i Hordaland.

«Tysnes» møter han ved Nesttun senter i Bergen etter han er ferdig med skuledagen ved Stend vidaregåande skule, der han går fyrste året på idrettslinja. Måndag skal han halda tale på 1.mai-markeringa på Mandelhuset.

– Det er viktig at ungdomen står for noko også i dag. Me opplever mykje positivt, men har til dømes grunn til å protestera mot miljøpolitikken som blir ført. Det er me som skal leva i framtida om 30-40 år, seier Håkon.

Prosest mot fråversgrensa
Han meiner at det meste med av skulepolitikken i dag er bra, men at det er rom for betring.

– Eit dømes er protesten mot fråværsgrensa. Det er bra at det førte engasjement, sjølv om det ikkje reflekterer mitt syn på fråværsgrensa, seier Håkon.

Fråværsgrensa blei vedteken i fjor og går ut på at elevar ved vidaregåande skule som har meir enn ti prosent udokumentert fråvær i enkeltfag, kan risikera å mista karakteren i dette faget.

– Me har i tillegg andre saker utanom skulepolitikk å markera oss mot, seier han.

Håkon forklarar at han ikkje tidlegare har delteke på 1. mai, men synest det er flott at dagen finst.

– Fyrste mai minner oss om at samfunnet i dag framleis ikkje er heilt bra. Då tenkjer eg ikkje berre i samband med arbeidslivet, men også andre delar av samfunnet har rom for betring, seier han.

Var med i ungdomsrådet
Håkon har vore leiar i Ungdommens fylkesutval i Hordaland i eitt år.

– Eg var med i ungdomsrådet på Tysnes, og gjennom det deltok eg på i fylkestinget. Der blei eg oppmoda å vera med i Ungdommens fylkesutval, seier han.

– Fyrst var eg vanleg styremedlem i utval for opplæring og helse, før eg blei vald til leiar, forklarar Håkon.

Som leiar vil han jobba for å betra miljøutfordringane i fylket og ta i vare skulesystemet, og gjera det endå betre.

– Me vil satsa på betre helsesyster, og vil at rådgjevingstenesta skal bli meir tilgjengeleg og få meir midlar, seier han.

Trening og venar
Når Håkon ikkje er på skulen og ikkje er oppteken i møte i samband med Ungdommens fylkesutval, går mykje tid til trening.

– Og så er eg med venar på kvardagane, men tida går fort. Eg brukar mykje energi på skulearbeid, og i helgene er det ofte møte og arrengement i fylkesutvalet, seier han.

– Kunne du tenkt deg å halda fram med politisk arbeid?

– Eg er usikker, men på ei side tenkjer eg det ja, eller så vil eg jobba med brann og redning. Eller ein kombinasjon av alt.