Lilletuns ærespris til Margreth Olin
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Jon Lilletuns ærespris blei oppretta av KrF for tre år sidan, og skal gå til den eller dei som på ein særleg måte arbeider for eller har arbeidd for menneske som sjølv ikkje har ei sterk stemme i samfunnsdebatten.
KrF-leiar Knut Arild Hareide peikte på at Olin gjennom sine filmar blant anna har gitt stemme til personar med Downs syndrom, bebuarar på aldersheim, personar med rusproblem, mindreårige asylsøkjarar med mellombels opphald og barnehagebarn. I 2006 tok ho også initiativ til kampanjen «Nestekjærlighet» for ein meir human asylpolitikk, som samla over 20.000 underskrifter, skriv juryen i grunngjevinga si.
Les intervju med Margreth Olin: – Me treng eit nytt barnehageopprør
Heim til mamma
I talen sin sa Olin at ho takka ja til å ta imot prisen delvis fordi ho då fekk høve til å snakke direkte til KrFs landsmøte. Ho spøkte med at Knut Arild Hareide i talen sin tidlegare same dag hadde røpa at han pleidde å «ta med seg jenter heim til mamma». Hareide hadde fortalt om den gongen han tok med Høgre-leiar og statsminister Erna Solberg med heim til mora på Bømlo i 2013.
– Nokre menn tar med jenter heim, andre menn tar med gutar heim og presenterer dei for mor. Hareide seier «ingen skal stå utanfor», hugs på det gjennom dette landsmøtet, også delegasjonen frå Møre og Romsdal, hugs på det, sa Olin alvorleg, med ei tilvising til at fylkeslaget har varsla at dei vil ha omkamp om homoekteskap under landsmøtet.
Ho oppfordra vidare Hareide til å ta med Ap-leiar Jonas Gahr Støre heim til mora i staden for Solberg, noko som blei møtt med latter og spreidd applaus i salen.
– Hugs at eit verdikompass er like viktig på venstresida som på høgresida, sa Olin.