mm
Faktaboks

Lyrikarar som har fått Diktartavla:

Hanne Bramness (2016)

Kjartan Hatløy (2015)

Cecilie Løveid (2014)

Arvid Torgeir Lie (2013)

Ellen Einan (2012)

Maria Parr (2011)

Pedro Carmona Alvarez (2010)

Ivar Aasen (2009)

Eldrid Lunden (2008)

Kolbein Falkeid (2007)

Ole Paus (2006)

Jakob Sande (2005)

Jon Fosse (2004)

Åslaug Vaa (2003)

Anne B. Ragde (2002)

Rune Belsvik (2001)

Frode Grytten (2000)

Ragnar Hovland (1999)

Kjartan Fløgstad (1998)

Georg Johannesen (1997)

Halldis Moren Vesaas (1996)

Jan Erik Vold (1995)

Robert Bly (1994)

Olav H. Hauge (1993)

Terje Jonanssen (1992)

Kjelde: Hardanger folkemuseum

LES FAKTALUKK FAKTA

– At ein kan snakka om det «rimbereidske», seier mykje om den posisjonen årets vinnar av Diktartavla har som poet, seier dagleg leiar Geir S. Netland på Hauge-senteret i ei pressemelding.

Kritikarrost lyrikar
Øyvind Rimbereid debuterte som forfattar i 1993 og har gitt ut novellesamlingar, diktsamlingar, ein roman og ei essaysamling. Han har gitt ut seks diktsamlingar etter at han i 2000 debuterte som diktar med Seine topografiar.

Rimbereid er den einaste norske lyrikaren som har fått tildelt Kritikarprisen to gonger.

«Det poetiske, eller skapande, står sentralt i forfattarskapet til Rimbereid noko som gir seg uttrykk i fornying og eksperimentering av det lyriske språket. Dei forskjellige formene og uttrykka hjå Rimbereid hindrar ikkje ei markant, tydelig forfattarstemme,» heiter det i grunngjevinga.

Hauge-idé
Den første Diktartavla vart plassert på Diktarstien i museumstunet på Hardanger folkemuseum på Utne i 1992. Året etter vart stien offisielt innstifta i høve Olav H. Hauge sin 85-årsdag. Diktaren frå Ulvik var sjølv med på å ta initiativet til Diktarstien.

Prisen Diktartavla skal heidra ein markant norsk forfattarskapog vert lagt ned under den årlege diktardagen ved folkemuseet.

På diktardagen den 17. juni  vil forfattaren og organist Sigbjørn Apeland framføre poesikonserten «Orgelsjøen».

Bilethoggar Cecilie Broch Knudsen er ansvarleg  for utforming av tavlene.

Langs stien kan ein lese diktsitat frå markantepoetar som Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Kolbein Falkeid, Jon Fosse, Cecilie Løveid, Jan Erik Vold.

Les meir frå Hauge-senteret her!

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE