Den vanskelegaste jobben: rollemodell

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Studvest.

Då vi var yngre, fekk vi beskjed av våre foreldre om at vi ikkje skulle ta imot noko frå framande (spesielt ikkje godteri frå folk i varebilar), at vi ikkje skulle finne på tull, at vi ikkje kunne rømme heimefrå, og at vi i alle fall ikkje kunne bu åleine. Vi fikk og høyre at å drepe er stygt, og at ein ikkje skal ete ting ein finn som ein ikkje veit kva er.

I dagens foreldresamfunn er det eit stort tema om at dei globale musikarane og skodespelarane ikkje er gode nok rollemodellar for ungane sine. Det er grunna grovt språk og dårleg oppførsel. Du har for eksempel årets urørt vinnare «Dårlig vane» som syng om tøs og fuckboys, A-laget syng om at det er kulare å pule enn å prate og Nicki Minaj syng om ein narkolangar, kokain, våpen, store kjønnsdelar, sex, og store rumper (dette berre i ein song).

Men var det så mykje betre før?

Pippi Langstrømpe budde åleine utan foreldre, ho likte ikkje skulen og kom stadig i trøbbel. Snøkvit budde åleine med sju menn som ho nettopp hadde møtt, og tok imot mat frå ein framand person, som gjorde at ho hamna i koma. Ho vakna igjen av at ein heilt framand mann kyssa henne, medan ho framleis var bevisstlaus. Å vekke prinsesser med eit kyss er eit gjennomgåande tema i disneyfilmar. Men er det ikkje overgrep når dei ikkje er bevisste?

I Peter Pan prøver Tinkerbell å få dei bortkomne gutane til drepe Wendy fordi ho er sjalu. Askepott snik seg ut av huset for å reise på ein fest, og for å møte ein fyr i skogen. Han veit ikkje ein gong kven det er etter deira første møte, men etter andre møte giftar dei seg.

Den lille havfruen Ariel trossar alt far hennar seier, og i tillegg endra ho utsjånad kun for å få ein mann, som ho giftar seg med før ho blir kjent med han (sidan ho ikkje kunne snakke, då ho gav opp stemma si for å vere med han). Alice i Eventyrland drakk ei flaske med ukjent innhald fordi det stod «drikk meg», og åt uidentifisert sopp, som gjorde at ho blei «høg».

Er dette gode rollemodellar? Dei gjorde det stikk motsette av alt foreldra våre lærte oss. Er dagens rollemodellar då så galne som dagens foreldre skal ha det til? Eller er det berre rollemodellane som har utvikla seg i lag med den moderne tida?

Les meir i Studvest!

Faktaboks

Apropos er ei fri spalte i studentavisa Studvest med høg førekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør takast med (minst) ei klype salt.