Bygdebyen i skuggen av storsentera

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bygdebyen i skuggen

Kjøpesentera i Noreg hadde i 2011 eit samla salsareal på 4,3 kvadratkilometer, nesten halvannan kvadratkilometer meir enn ti år tidlegare. Vi har mykje meir kjøpesenterareal per innbyggjar enn noko anna land i Europa og meir enn dobbelt så mykje som Sverige.

Dette kjem fram i boka Kjøpesenterlandet. Planlaus norsk stadutvikling, der journalist og forfattar Ronny Spaans tar eit oppgjer med kjøpesentertrenden, men kanskje vel så mykje med mangelen på gjennomtenkt planlegging i stadutviklinga i Noreg – inkludert privatiseringa av sjøsida i mange byar og tettstader.

– I Noreg har vi komme så langt no at det er krise for svært mange tettstader og bygder, seier Ronny Spaans.

Spaans er redd for at den tradisjonelle norske bygdebyen med små og trivelege handlegater kan vere i ferd med å forsvinne – og utan at vi oppdagar det før det er for seint.

Døde sentrumsgater
Krisa oppstår fordi dei tradisjonelle by- og tettstadsentruma døyr ut mens bilbruken aukar, stikk i strid med dei for lengst vedtatte nasjonale måla om å styrkje by- og tettstadsentera og leggje til rette for miljøvennleg transport. Dei kom i «forskrift om rikspolitisk bestemmelse for kjøpesentre» i 2008. Men argument om vekst, verdiskaping og arbeidsplassar feiar ofte vekk motførestillingane, og i praksis får som regel næringsinteressene det slik dei vil.

– Kommunane er hjelpelause stakkarar. Utbyggjarane lover politikarane gull og grøne skogar med nytale om fortetting, signalbygg og samlokalisering og lurer stakkars ordførarar som ikkje har fagkompetansen, trill rundt. Det er trist å vere vitne til ei slik utvikling, seier Spaans.

Førde kan få sitt fjerde kjøpesenter om Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner planane om eit 70.000 kvadratmeter stort anlegg på Brulandsvellene. Foto: Arild Nybø/cc-by-sa-2.0-lisens

Dårleg investering
På litt lengre sikt trur han senterkommunane gjer ei dårleg investering. Det eine er at det er grenser for kor mange kjøpesenter det er rom for. Det andre er at yngre folk, ikkje minst den veksande skaren av unge med høgare utdanning, vil sykle og gå i byar med levande gater og torg, meiner Spaans.

– Dei tettstadene og byane som no satsar naivt på nye storsenter – stader der det ikkje finst ordførarar med ryggrad – dei kjem til å sitje igjen med svarteper.

– Dei som klarer seg best i denne kampen, er dei som held fast på reguleringsplanane og ikkje gir dispensasjonar. Dei kjem òg til å vinne på lang sikt. Dei blir meir attraktive stader å bu for unge folk.

Ein stad det dermed ser heller mørkt ut for, ifølgje Spaans, er Førde i Sunnfjord.

– Førde har tre store handelsmaskiner og berre éi gate igjen, berre éi gate! Elles er det berre parkeringsplassar, bilvegar og store, trunge og grå handelsmaskiner.

Stadig fleire tettstader får strandlinjer der digre kjøpesenter i betong og stål får dominere, slik som Havnesenteret i Brønnøysund. Foto: Roar Berg-Hansen

Ny handelspark
Og verre skal det bli når den nye handelsparken i Førde står ferdig, trur Spaans. Førde kommune har godkjent planane om ein ny handelspark på 70.000 kvadratmeter i utkanten av Førde sentrum, eit storsenter som blir eitt av dei største i landet.

Førde er elles blant dei stadene som kjem dårlegast ut blant 34 byar og tettstader som Spaans har besøkt og vurdert i boka. Blant verstingane høyrer òg sunnmørsbygda Ørsta heime saman med Gran på Hadeland og Sandvika utanfor Oslo.

– I Ørsta er dei så kry av Amfi Ørsta, for det skaper så mange arbeidsplassar i kommunen. Men ordføraren der ser ikkje lenger enn sin eigen nasetipp. Han ser ikkje at det utarmar sentrum i både Ørsta og nabobygda Volda, seier Spaans.

Kjøpesenteret på den flotte tomta ved sjøen i Ørsta vart opna i 2006 og utvida til 11.000 kvadratmeter i 2012. Kjøpesenterkongen Olav Thon har signalisert at dei vil byggje ut enda meir, om kommunen vil avstå enda meir strandtomt.

Samtidig skal Amfi Moa utanfor Ålesund, fem mil nord for Ørsta, utvidast til 137.000 kvadratmeter. Da blir Moa det største kjøpesenteret i landet.

I Norheimsund i Hordaland gir ikkje lokalpolitikarane så lett dispensasjon frå reguleringsplanane. Kvam kommune fekk i 2013 Statens pris for attraktiv stad for utviklinga av sjøsida med fjordpromenade og gjestehamn og dermed eit meir levande sentrum i bygda. Foto: Leif Kastdalen

Unngår dispensasjonar
Verdsarvbyen Røros, turistbygda Lom og prisvinnarbygda Norheimsund er dei Spaans rangerer som dei beste på by- og stadutvikling.

– Dei har respekt for den gamle reguleringsplanen og gir ikkje så lett dispensasjonar, seier han.

– Problemet er stat og kommune overlèt alt ansvar til private aktørar. Olav Thon har vorte så vand med denne tankegangen at han no kallar seg stadutviklar, ikkje privat investor, og kommunane godtar den merkelappen.

Dag og Tid-journalisten strekar under at han ikkje er prinsipielt imot kjøpesenter. Det finst mange kjøpesenter som ligg sentralt og er fint integrerte i gatebiletet, og som du ikkje treng bil for å nå. For Spaans er Spinneriet i Volda, Domus på Røros, Sandens i Kristiansand og Paleet i Oslo gode eksempel på det.

Det er dei store kasseforma «big-boksane» som drar folk ut av sentrum, han vil til livs.

– Eg trur vi står ved eit vegkryss, og at mange byar no er i ferd med å gjere store misgrep som det kan bli vanskeleg å reparere i framtida, seier Ronny Spaans.
(©NPK)