Nominert til britisk krimpris

Agnes Ravatn og Gunnar Staalesen er nominerte til Petrona Award for årets beste skandinaviske krimroman.

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Petrona Award vert delt ut årleg til Best Scandinavian Crime Novel of the Year. Vinnaren i år blir annonsert under krimfestivalen CrimeFest i Bristol 20. mai.

Agnes Ravatn er nominert for gjennombrotsromanen sin "Fugletribunalet", The Bird Tribunale, omsett av Rosie Hedger. Den engelske utgåva fekk svært god mottaking då ho vart lansert i Storbritannia i fjor haust. I Noreg vart boka lansert som eit kammerdrama då ho kom ut i 2013, medan den engelske utgåva vert selt som ein psykologisk thriller og nordic noir.

Gunnar Staalesen er nominert for "Der hvor roser aldri dør", Where roses never die, omsett av Don Bartlett. Dette er den attande boka om Varg Veum.

God, omsett skandinavisk krim
Både Staalesen og Ravatn blir gitt ut av britiske Orenda Books, eit forlag som vart etablert i 2014 og på kort tid har blitt anerkjent som utgivar av god, omsett skandinavisk krim.

Ved sida av Staalesen og Ravatn er finske Kati Hiekkapelto nominert for «The Exiled», svenske Leif GW Persson med "The Dying Detective", islandske Yrsa Sigurdardottir for "Why Did You Lie?" og finsk-svenske Kjell Westö for "The Wednesday Club".

The Petrona Award vart etablert til minne om den anerkjente britisk krimbloggaren Maxine Clarke som døydde i 2012. Prisen blei delt ut for første gong i 2013, og blir gitt til beste, omsette skandinaviske krimroman. Jørn Lier Horst vann prisen i fjor for «Hulemannen».

Møt omsetjaren Rosie Hedger