«Dødsårsak: Ukjent» fekk publikumspris
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Dødsårsak: Ukjent» fekk pris
«For ti år sidan byrja eg å arbeide med denne filmen for å finne ut kva som førte til søstera mi sitt mystiske dødsfall. Lite visste eg at det skulle føra meg inn i ei gransking av legemiddelindustrien og deira omfattande påverknad av samfunnet vårt.»
Slik opnar forteljarstemma i Anniken Hoel sin prisløna dokumentar, Dødsårsak: Ukjent.
Den kinoaktuelle dokumentarfilmen var ein av 25 filmar som var valt ut til Eurodok. Av desse var 11 teke ut til hovudkonkurransen.
Hoel sin film stakk av med den gjeve publikumsprisen.
Årets Eurodok-pris gjekk til den nederlandske dokumentaren To Stay Alive – A Method, regissert av Erik Lieshout.
Filmen er basert på den franske multikunstnaren Michel Houellebecq sitt essay To Stay Alive, som du kan lesa på norsk her. Filmen freistar å gje publikum eitinnblikk i dei «galne» si verd gjennom møter med kreative menneske og deira historier. Blant desse er fleire ukjente namn, men også pop-ikonet Iggy Pop, som har forteljarstemma.
Ifølgje juryen er dette ein film som utfordrar dokumentarsjangeren gjennom ein forteljarteknikk som nærmar seg den ein kjenner frå fiksjonen.
– Galskap, skaparkraft og liding i skjønn foreining med sterke karakterar og musikk gjev ei poetisk oppleving større enn filmen sjølv, seier juryen i si grunngjeving.
I tillegg fekk filmen, Forever Pure, regissert av Maya Zinshtein, heidarleg omtale.
Filmen, som er co-produsert av norske Piraya film, tek for seg ein kultur prega av rasisme og hat rundt den israelske fotballklubben Beitar Jerusalen F. C. Juryen meiner filmen er eit godt eksempel på når dokumentarar gjer viktig arbeid.
Faktaboks
Den europeiske dokumentarfilmfestivalen Eurodok vart i år arrangert for 16. gong.
Festivalen er Norsk filminstitutt og Cinemateket sin eigen dokumentarfilmfestival.
Festivalen ønskjer å fremma det beste innan ny, europeisk dokumentarfilm og målar temperaturen på Europa, både filmatisk og politisk.