Framleis berre nynorsk på Framtida.no

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Framleis berre nynorsk på Framtida
Laurdag 1. april skreiv me at Framtida.no skulle opna for bruk av bokmål i nokre av spaltene våre. Det er feil, eller som det heiter på bokmål: Det medfører ikke riktighet.
Me held oss til det me er best på, og det er å skriva relevante saker for unge på nynorsk. Bokmålet klarer seg nok utan vår hjelp, også i framtida. Me ser difor ingen grunn til å endra den redaksjonelle lina vår no, eller som det heiter på bokmål: På nåværende tidspunkt.
Forresten: No kan du også følgja oss på Instagram! Søk opp @Framtida.no eller følg lenka.