Investerer 15 milliardar kroner på Njord
Statoil går nye vegar for å forlengja plattformlevetida.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.
Måndag mottok olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) planen for utbygging og drift (PUD) for oppgradering av Njord-feltet og for ny utbygging i Norskehavet, Bauge.
– Oppgraderinga av Njord er eit unikt prosjekt. Det er første gong i norsk oljehistorie at ei plattform blir tatt til land for oppgradering, slik at ho kan skapa store verdiar i nye tiår ute på feltet. Prosjektet inneber også store investeringar, som betyr mykje for sysselsetjinga i viktige, norske industrimiljø, seier Søviknes.
12.000 årsverk
17. mars blei det klart at Statoil har tildelt Kværner Stord jobben med å oppgradera Njord A-plattforma. Oppdraget har ein verdi på om lag fem milliardar kroner, og kan ifølgje Kværner-sjefen sikra så mykje som 12.000 årsverk i regionen dei neste åra.
Reservane i Njord-feltet, inkludert Hyme, er rekna til om lag 175 millionar fat oljeekvivalentar. Iføljge olje- og energidepartementet er utbyggingskostnaden på Njord på om lag 15 milliardar kroner.
Nærområdet
– Vidareutvikling av eksisterande felt skapar store verdiar for fellesskapet. Oppgraderinga som vil forlengja levetida til Njord vil ikkje berre skapa nye verdiar for Njord, men vil også bidra til utbygging av funn i nærområdet, og leggja til rette for meir leiting, seier Søviknes.