Noreg er det mest lykkelege landet i verda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lykkelegast i verda

Noreg er kåra til det mest lykkelege landet i verda, ifølgje World Happiness Report. Dermed har Noreg tatt over topplasseringa frå Danmark.

Noreg tok i fjor fjerde plassen, men har altså rykt heilt til topps i rapporten i år.

LES OGSÅ: Derfor gret du av lukke

Danmark har rykt ned til andreplass, etter det kjem Island og Sveits rett etter.

Dei fire landa scorar høgt når det gjeld faktorar som blir rekna som viktige for lykka til folk: omsorg, fridom, å vere raus, det å vere ærleg, helse, inntekt og godt styresett.

Noreg rykker til toppen trass i lågare oljeprisar, heiter det i rapporten. (©NPK)

LES OGSÅ: Gapet mellom dei lukkelege og ulukkelege i verda aukar